Foto: FlickrCC, A Crowe Photography

Meir berekraftig forvaltning av oljefondet Publisert:

Oljefondet forvaltar i dag over 7000 milliarder kroner på vegne av det norske folk og i internasjonale marked. Korleis får vi til ei meir berekraftig forvalting?

Les heile notatet ved å klikke på denne lenka (åpner ein .pdf på 340 kb)

Se Emil André Erstad legge frem notatet på fem minutter:

Samandrag

Statens Pensjonsfond Utland (SPU) forvaltar i dag over 7000 milliarder kroner på vegne av det norske folk og i internasjonale marked. Økonomisk, sosial og miljømessig berekraft er ein føresetnad for fondets langsiktige vekst og avkastning.

Fondets størrelse og investeringshorisont gjer at vi kan snakke om eit universelt fond. Det inneber på den eine sida at fondet generelt påverkar den marknaden det er ein del av, og på den andre at det er den generelle, økonomiske utviklinga i marknaden der fondet investerer som på lang sikt bestemmer verdiutviklinga på eigedelane – ikkje enkeltinvesteringar. Det er i fondets finansielle interesse å bidra til at investeringane fondet gjer, skapar størst mogleg positiv berekraft for marknadane, institusjonane og selskapa det investerer i. Det er, hevdar vi i dette notatet, dermed naturleg at fondet går foran i betydning av å også vere tilstades i nye marknader i vekst og i form av ein meir aktivt avgrensa indeks som i større grad speiler eit skifte over i en berekraftig økonomi. SPU må ligge foran markedet heller enn å følgje etter.

Mange meiner mykje om SPU, med ulike ønskjer og mål for kva fondet skal brukast til eller investerast i. I den politiske debatten om SPU er det viktig å skilje mellom det som politikarane bør ha rom til å endre på, og det som forvaltarane av SPU bør få forvalte i fred. På begge nivå må omsyn til både avkastning og berekraft stå sentralt.

Vi tilrår ei meir berekraftig forvalting av SPU gjennom tre forslag. For det første bør Finansdepartementets investeringsindeks i mye større grad innrettast mot berekraft og ein nødvendig omlegging av økonomien. For det andre bør fondet investeringsunivers utvidas til også å omfatte unoterte verksemder, altså dei som ikkje er på børs. Til dette trengs er gradvis oppbygging av kompetanse, i førsteomgang med bruk av eksterne fondsforvaltarar. For det tredje bør eigedomsportefølja ikkje utvidast, og ein bør studere nærmare kva slags effekter investeringar i eigedom i store byar har på auka sosioøkonomiske forskjellar.