Foto: FlickrCC |

Menneskerettar i populismens tid: Korleis styrke menneskerettane i norsk politikk?


Kor og korleis er menneskerettar under press, og kva har bidreg til dette? Dette notatet ser på populismens framvekst, og korleis menneskerettane kan styrkast i norsk politikk, både nasjonalt og internasjonalt.
Les heile notatet ved å klikke på denne lenken

Innleiing

2017 var det 11. året på rad der den samla fridomen i verda sank, i følge menneskerettsorganisasjonen Freedom House. Det betyr at sivile og politiske rettar i verda sett under eitt ikkje blir sterkare, men stadig meir redusert. Vi ser at dei populistiske partia og rørslene forsøker å svekke legitimiteten til dei internasjonale menneskerettsinstitusjonane slik at den nasjonale politikken får meir handlingsrom. I Tyrkia, Polen og Ungarn sit dei populistiske kreftene med makta. Alle desse populiststyresmaktene har på ulike vis utfordra, dels undergrava menneskerettane si stilling gjennom å svekke maktfordelingsprinsippet og pluralismen i namnet til «folket». Også i USA ser vi tendensar til at denne forma for menneskerettsfiendtleg populisme spreier seg. Utviklinga representerer eit brot med framveksten av universelle menneskerettar som prega heile det førre århundre.

Vi lever i ei tid der verdiane knytt til demokrati og menneskerettar utfordrast av frykt for terrorangrep, langvarig migrasjonspress og aukande kulturelle spenningar. Mange opplever at menneskerettane er hindringar i vegen for at statane kan drive effektiv terrorførebygging og for å sette i verk strengare innvandringsregulerande tiltak. Internasjonalismen frå etterkrigstida er også under press. I mange land ser vi aukande nasjonalisme og prioritering av nasjonale interesser som undergrev internasjonale samarbeidsorgan, propagandisk bruk av digitale media som undergrev tilliten til nasjonale og internasjonale politiske offentlegheiter, samt aukande forfølging av menneskerettsforkjemparar i autoritære og semi-autoritære statar.

I eit slikt landskap har heller ikkje lenger menneskerettskonvensjonar og dei internasjonale institusjonane som FN eller Europarådet den same respekten som tidlegare. Vi såg for eksempel korleis Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) vart gjort til eit stort og negativt tema i debatten om Brexit i Storbritannia, der argumentet var at EMD innskrenkar det nasjonale politiske handlingsrommet. Tidleg på 1990-talet fans det ein utbreidd demokrati- og menneskerettsoptimisme. Kommunismens kollaps og eit Russland som omfamna demokratiet, skulle bidra til ei ny global verkelegheit der demokrati og menneskerettar skulle spreie seg til nye land. Den same optimismen finn ein ikkje lenger i dag. Tvert imot ser det no ut til å handle om å redde det som fins av demokrati og menneskerettar globalt, snarare enn å utvide domenet for desse verdiane. Der menneskerettane i mange vestlege, konsoliderte demokrati tidlegare hadde ein autoritet som felles referansepunkt og standard for den politiske debatten, ser vi no at fleire politiske aktørar stiller spørsmål ved denne autoriteten.

Internasjonale, universelle og globalt anerkjente menneskerettar er sjølve bolverket mot utvikling av autoritære styresett og krenking av respekten for menneskeverdet. Men både som idé og institusjon er dei òg sårbare. Viss dei ikkje vert anerkjent, eller viss vi over lengre tid toler og aksepterer brot på desse rettane, då svekker vi òg vårt forsvarsverk for det frie menneske og for demokratiet.

Eit sterkt norsk forsvar for menneskerettane handlar dessutan ikkje berre om ei altruistisk tilnærming til spørsmålet. Respekt for folkeretten i eit norsk småstatsperspektiv, inkludert menneskerettskonvensjonane, har vore ei hovudlinje i utanrikspolitikken sidan 1905. Som ein liten stat i verda er respekten for dei folkerettslege rammene i det internasjonale samfunnet avgjerande for Norges strategiske interesser i for eksempel nordområda og i havområda utanfor kysten vår.

Blant kreftene som er kritiske til menneskerettane finn vi grupper som vert mobilisert av den veksande populismen globalt. Det er menneske som føler seg framandgjort av det moderne, liberale samfunn og som kanskje kjenner dei negative konsekvensane av globaliseringa på kroppen. Dei meiner menneskerettane har gått for langt og at desse rettane bidreg til å legge band på nasjonale styresmakter si politikkutøving. Slik kan ein seie at det ikkje er populismen i seg sjølv som pressar menneskerettane, men at populismen bidreg til å mobilisere dei kreftene som kjempar mot menneskerettane.

I dette notatet ser vi på kor og korleis menneskerettar kan vere under press, og kva som kan ha bidrege til dette. Vi tar særleg for oss om populismens framvekst òg er med på å svekke menneskerettane, og korleis vi bør forstå ei slik utvikling. Til sist vil vi prøve å kome med konkrete tiltak på korleis menneskerettane kan styrkast i norsk politikk, både nasjonalt og internasjonalt.

Forrige
Norge trenger friske tanker og ideer
Back To Top