Hopp til hovedinnhold

Eit arbeidsliv i varehandelen

Samandrag

Varehandelen gir arbeidsplassar over heile landet og er ein inngangsport til yrkeslivet for mange. Næringa sysselsett 364 900 arbeidstakarar og er med det ein sentral del av norsk arbeidsliv. Her finn vi også låge lønningar, dårlege pensjonsordningar og dårlege sikringar ved uførheit.

Økonomisk ulikheit har vore eit sentralt tema i norsk politikk det siste tiåret. Dersom ein ynskjer å redusere ulikheit, er det relevant å sjå på korleis arbeidslivet vårt ser ut i eit av våre mest vanlege yrke, som sysselsett mange med lite utdanning og har eit lønnsnivå under snittet. Med meir kunnskap om korleis ulikheit ser ut innafor arbeidslivet, er det enklare å kunne gjere noko med det.

Dette notatet ser på overordna lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår for arbeidstakarar i varehandelen, og særleg for dei som har eit heilt yrkesliv der.Varehandelen gir ei rekke positive moglegheiter knytt til arbeid. Det kan vere enklare å få jobb her enn i ein del andre yrke med strengare krav til utdaning. Dessutan er det ein bransje med lågare sjukefråver enn snittet, og der midlertidige tilsettingar er mindre vanleg enn i resten av arbeidslivet.

Notatet viser at arbeidstakarar i varehandelen likevel har rammevilkår som til saman kan gi sosiale og økonomiske utfordringar, spesielt for dei som jobbar der heile livet. Lønnsnivået er eit godt stykke under gjennomsnittslønna i Noreg, og utstrekt bruk av deltid gjer inntekta enno lågare for ein del av arbeidstakarane. Tilsette i varehandelen jobbar også meir utanfor normalarbeidstid enn andre arbeidstakarar, med dei helsemessige konsekvensane det fører med seg. Det er også låg organisasjonsgrad samanlikna med andre yrke.

Dette er noko av bakteppet for at tilsette i varehandelen heller ikkje kjem særleg godt ut økonomisk ved uførheit eller pensjon. Den gjennomsnittlege satsen på innskotspensjon er låg, og få har rett på avtalefesta pensjon (AFP). Og sjølv om arbeidstakarar som jobbar i varehandelen er overrepresentert blant dei som får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, er det få som har ordningar for uførepensjon gjennom jobb.

I arbeidet med dette notatet har vi gjennomført ei undersøking blant HKs medlemer i varehandelen som viser at ein stor del av denne gruppa heller ikkje kjenner sine eigne pensjonsordningar, sjølv om pensjonsutbetalingane kan variere stort ut i frå nivå på innskotspensjon og om ein får AFP. I eit pensjonssystem der det er lagt opp til at arbeidstakarar sjølv skal ta ansvar for eigen pensjonsordningar, ser vi her at informasjonen om pensjon ikkje har nådd ut til dei det gjeld. Det er difor grunn til å tru at ein vesentleg av dei som vil kome dårlegast ut i pensjonsalder ikkje er klar over dette sjølv enno.

I ein del samanhengar her er også kvinner i ei særstilling, for eksempel ved at dei har lågare gjennomsnittslønningar og meir deltid enn dei mannlege arbeidstakarane. Dei er også overrepresentert blant dei som jobbar eit heilt yrkesliv i varehandelen. På den måten blir dette eit likestillingsspørsmål.

Det overordna biletet er difor at tilsette som jobbar eit heilt yrkesliv i varehandelen kjem vesentleg dårlegare ut i lønns- og pensjonsnivå enn ei rekke andre grupper, og med svakare inntektssikring om dei skulle bli sjuke.

Notatet vil difor kome med fem tilrådingar som handlar om sikre meir rettferd for desse yrkesgruppene:

  1. Auka satsing på større organiseringsgrad i varehandelen
  2. Formidle meir grunnleggande kunnskap om pensjonsordningar
  3. Tiltak for heiltidskultur
  4. Tiltak for god helse gjennom heile yrkeslivet i varehandelen
  5. Ein gjennomgang for å sikre mindre økonomisk ulikheit i pensjonssystemet.

Alle tilrådingane blir grunngjeve i notatet, og det er vårt håp at kunnskapsgrunnlaget her kan bidra til større utjamning og ei betre framtid for dei som bruker si tid og sine krefter i ein av norsk arbeidslivs aller mest sentrale stadar.

Innleiing

I dette notatet ser vi på kva som kjenneteiknar lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår for dei som jobbar i varehandelen. Føremålet er særleg å sjå på korleis ordningane er for dei som jobbar i varehandel i heile yrkeslivet. I denne gruppa er det ei overvekt kvinner.

Notatet går inn på ei rekke store tema, som kvar for seg kunne blitt dekka i eigne notat. Ambisjonen her er derfor ikkje å kunne omtale alle nyansar og detaljar knytt til dette, men heller kunne sjå dei ulike elementa i samanheng og seie noko overordna om alle faktorar i eitt.

Vi har gjennomført ei undersøking blant HKs medlemer som er organisert i Landsovereinskomsten mellom HK og Virke, og i Handelsovereinskomsten mellom HK og NHO. Undersøkinga hadde 8169 respondentar. Svarprosenten var på 34 prosent.

Dei som har svart på denne undersøkinga er kjenneteikna ved at dei jobbar i den meir organiserte delen av varehandelen. Dei er med i fagforeining, har tariffavtale og har valt å svare på denne spørjeundersøkinga. Det betyr at resultata herifrå ikkje nødvendigvis representerer resten av dei tilsette i næringa. Når det gjeld sosiale ordningar, for eksempel, er det sannsynleg at dei som ikkje er organisert har færre av dei.

I 2022 laga Tankesmien Agenda eit notat i samarbeid med HK Norge om deltid i varehandelen. Dette viste at kvinner i varehandel jobba langt meir deltid enn menn i varehandel. Kjønnsperspektivet vil også vere gjennomgåande i dette notatet. Der vi har tal på kjønn, vil dette bli presentert. Desse vil ligge til grunn for å vurdere korleis eit heilt yrkesliv i varehandelen vil kunne sjå ut, og om dette kan ha nokre ulike kjenneteikn for kvinner og for menn.

Definisjon av varehandel.

Ei overordna utfordring med å skrive eit notat som dette, er at kunnskapen vi har ofte bygger på ulike kjelder med ulike definisjonar av kven som jobbar i varehandelen. Det vil difor vere vanskeleg å halde på ein heilt stringent definisjon på denne gruppa. SSB har for eksempel ofte oppgitt statistikk for «varehandel og reparasjon av motorvagnar», som består av underkategoriane detaljhandel, engros- og lager, samt reparasjon av motorvagnar. I dette notatet er av og til statistikk for alle underkategoriane tatt med, for å illustrere at desse tre har ein del fellestrekk og ulikheiter som er nyttige å vite om for å betre forstå kva som ligg i gruppa «varehandel og reparasjon av motorvagnar».

Varehandel i dag

Varehandelen er ei sentral gruppe i norsk nærings- og arbeidsliv. I 2022 jobba om lag 364 900 personar medvarehandel og reparasjon av motorvagnar. Det utgjer om lag 284 300 årsverk.1

I åra fram til koronapandemien var det ikkje særleg vekst i sysselsettinga i varehandel. Det heng saman med at det har vore produktivitetsvekst i næringa, mellom anna ved at ein har tatt i bruk teknologi som gir mindre behov for arbeidskraft.2 Då pandemien kom, gjekk sysselsettinga i varehandelen noko opp, som følgje av at grensehandelen blei redusert og folk måtte vere meir heime, men dette ser ut til å ha stabilisert seg etter pandemien. Talet på årsverk i varehandelen er no på nivå med der det var i 2015-2016.3

Varehandel blir ofte omtalt som ei næring for studentar, og ei næring der mange har fått sin fyrste jobb. På den måten har varehandelen ein funksjon som inkluderingsarena, som får fleire inn i arbeidslivet. Dette har særleg vore viktig ved at mange av desse arbeidstakarane ikkje har hatt høgare utdanning eller fagbrev.4

Som nemnt over, fordeler dei tilsette i kategorien «varehandel og reparasjon av motorvogner» seg ved at om lag 200 000 jobbar i detaljhandel, om lag 100 000 jobbar med agentur- og engroshandel og ca 50 000 jobbar med handel og reparasjon av motorvagnar.5

Det jobbar litt fleire kvinner enn menn i varehandelen, men blant dei som jobbar fast i detaljhandel over lang tid er kvinner overrepresentert, og særleg blant dei over 30 år.6

I agentur- og engroshandel, som typisk driv lagerverksemd og handel med større vareparti, er det derimot ein lågare andel kvinner. Figuren under viser kjønnsfordeling i dei tre kategoriane SSB definerer som varehandel og reparasjon av motorvagner, samanlikna med snittet for alle yrker.

Statistikk over kjønnsfordeling i varehandelen
Figur 1 (kilde: SSB)

Over halvparten av dei tilsette i varehandelen er under 30 år.7 Studentar og skuleelevar utgjer mellom 25 og 30 prosent av dei som jobbar i varehandel8

Men sjølv om mange av dei tilsette i varehandelen er unge, stod arbeidstakarar på 30 år eller eldre for 59 prosent av timeverka i 2017.9 Mesteparten av arbeidstida blir altså utført av arbeidstakarar over 30 år,10 sjølv om fleirtalet av dei tilsette er under 30. Dette heng saman med at det er fleire yngre enn eldre som jobbar deltid.

Rundt 15 prosent hadde innvandrarbakgrunn, noko som er høgare enn snittet i resten av arbeidslivet. Innvandrarandelen i varehandelen er særleg høgare i Oslo enn i andre delar av landet.11

Varehandel har ein vesentleg høgare andel tilsette som har grunnskule som sin høgaste fullførte utdaning enn det som er vanleg i andre yrkesgrupper.12 Også blant dei som jobbar langvarig i varehandel er det ein høgare andel som ikkje har høgare utdaning enn i andre yrke. I 2016 var grunnskule eller vidaregåande skule høgaste fullførte utdaning for 87 prosent av dei tilsette.13

Samtidig er det færre i varehandel som tar etter- og vidareutdaning, samanlikna med andre yrke. Dei som jobbar heiltid tar oftare etter- og vidareutdaning enn dei som jobbar deltid.

Mange får derimot internopplæring gjennom jobben sin og får gjennom det høve til å få stadig større ansvar og leiarerfaring.14 Det finst eit fagbrev i salsfag, som blei innført med reform 94, men FAFO viser til at det ikkje har blitt tatt i mot på same måte og med same status som fagbrev i tradisjonelle handverksfag.15 Derimot er internopplæring sett på som desto meir sentralt hos mange arbeidsgivarar.

Varehandelen har fleire kvinnelege leiarar enn andre bransjar. Det er også fleire unge leiarar her enn i andre yrke.16 Dei som blir leiarar i varehandelen har ikkje ein bakgrunn som skil seg frå dei andre som jobbar der. Utdanningsbakgrunnen og alderen liknar mykje på snittet av dei andre tilsette i varehandelen. Mange leiarar blir rekruttert ute på arbeidsplassane, basert på intern opplæring.17

Lønns- og arbeidsvilkår

Varehandelen er eit yrke med varierte oppgåver, der mange møter nye menneske i løpet av arbeidsdagen. Nokre undersøkingar viser at varehandelen kan vere ekstra utsett når det gjeld seksuell trakassering.18 Det er svært alvorleg. Andre undersøkingar slår fast at varehandelen i det store og heile har eit godt og trygt arbeidsmiljø.19

Det vi i fokuserer på i dette notatet er dei spesifikke utfordringene knytt til arbeidstider, deltid, lønn- og pensjonsvilkår som gjer at denne gruppa med arbeidstakarar kjem dårlegare ut enn mange andre. Det viser at det er stor ulikheit i inntektssikring i ulike delar av arbeidslivet.

Ein kan måle lønnsnivået i varehandelen på ulike vis. Eit utgangspunkt kan vere å sjå på kva gjennomsnittslønna for ein butikkmedarbeidar20 er. Denne var på 436 800 i 2022. For menn var gjennomsnittslønna 461 160, mens den var 420 000 for kvinner. Desse tala er basert på arbeidstakarar som jobbar både deltid og heiltid. Lønna ligg altså vesentleg under gjennomsnittet for lønningar i Noreg på 638 000.

Statistikk over lønnsnivå i varehandelen
Figur 2. Kilde: SSB

Gjennomsnittleg lønnsnivå for kvinner og menn som jobbar heiltid og deltid i varehandel fordeler seg på denne måten:

Lønnsnivå for kvinner og menn, heltid vs. deltid
Figur 3. Kilde: SSB

Når ein ser på lønnstatistikk, ser ein ofte også på kva som er medianinntekt. Den kan gi eit meir presist bilete av kva som er ei vanleg lønn, fordi at ein i yrke med høge topplønningar kan få ein effekt av at desse drar gjennomsnittet opp og ikkje gir eit godt bilete av kva dei fleste tener.

Medianinntekta for butikkmedarbeidarar er 437 400, temmeleg likt gjennomsnittsinntekta.21

Viser medianinntekt i varehandel
Figur 4.

Ei forklaring på lønnsforskjellen mellom kvinner og menn i arbeidslivet generelt er at det er langt fleire menn enn kvinner som er høgtlønte. Ofte ser ein at gapet mellom kvinner og menn blir redusert når ein går frå å måle gjennomsnittsinntekt til å måle medianinntekt.

Ei anna forklaring er at kvinner jobbar meir deltid enn menn. Deltidstilsette har også vanlegvis lågare lønningar enn heiltidstilsette, også om ein reknar om lønna til heiltidsekvivalentar.22

Alder speler også inn på statistikken og kjønnsforskjellane her. Arbeidstakarar med små stillingar er ofte unge kvinner, og blant dei 10 prosentane med lågast lønn i varehandelen er fleirtalet kvinner. Dei litt eldre kvinnene i varehandelen er ofte i større stillingsprosentar og har høgare lønn23

Tidlegare undersøkingar har vist at det er forskjellar rundt omfang av deltid knytt til om det er butikkar med overvekt av menn eller kvinner, for eksempel mellom klesbutikkar og faghandel.24 Å sjå om det er tilsvarande lønnsforskjellar knytt til om ulike delar av varehandelen er kjønns- eller kvinnedominert er eit tema som er relevant å undersøke vidare.

Ein god del av dei tilsette i varehandelen kjem inn i kategorien låglønte. Å vere låglønt kan definerast på ulike vis, for eksempel som ei gjennomsnittslønn eller under 85 prosent av lønnsnivået for industriarbeidarar i LO-NHO-området. Då FAFO såg på kven som er låglønte i Noreg, fann dei at varehandel var den næringa som hadde høgast andel låglønte i følgje denne definisjonen. I denne undersøkinga var kvar fjerde låglønte arbeidstakar her i landet i varehandelen.25

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på omfanget av lågtlønte i Noreg og utviklinga for denne gruppa. I juni 2024 legg dei fram sitt arbeid.

Når ein skal sjå på lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår i eit yrke, er det relevant å sjå på omfanget av midlertidige stillingar. Dette har vore ein stor debatt i norsk arbeidslivspolitikk det siste tiåret. I 2015 blei arbeidsmiljølova endra, så det blei ei større opning for arbeidsgivarar for å tilsette folk i midlertidige stillingar. Denne regelen blei fjerna igjen frå 2022.

Lovendringa frå 2015 førte ikkje til auka sysselsetting, men til at andelen midlertidige jobbar gjekk opp. Dette skjedde særleg i låglønnsyrke og yrke som allereie hadde mange tilsette som jobba i midlertidige stillingar.26 Det ser ikkje ut som om varehandelen var blant næringane som blei mest påverka av dette.

I andre kvartal 2023 var det 7 prosent av dei tilsette i handelsnæringa som hadde ei midlertidig stilling. Det er 1,4 prosentpoeng under snittet i arbeidslivet generelt.27

Grafen under viser at andelen midlertidige stillingar i varehandelen over tid har vore lågare enn i andre næringar.

Andel midlertidige stillinger i prosent.
Figur 5. Kilde: SSB

Rundt halvparten av norske arbeidstakarar er med i ei fagforeining. I varehandelen er biletet annleis. I 2018 var litt over 20 prosent av dei tilsette i varehandelen organiserte, altså om lag 1 av 5.28 Dette er ein stor kontrast til offentleg sektor, der om lag 80 prosent er organiserte, men også lågt samanlikna med andre næringar i privat sektor.29

Låg organisasjonsgrad utfordrar den norske modellen, som er tufta på at fagrørsla organiserer ein viss del av arbeidstakarane. Når arbeidstakarar blir organisert i fagforeiningar, gir det dei høgare lønningar og meir makt i møte med arbeidsgivarane. Fagforeiningar er viktige for å redusere økonomisk ulikheit[3] (#_ftn3). Samtidig kan låg organisasjonsgrad i enkeltnæring spele negativt inn på fagrørslas legitimitet og representativitet overordna sett.

Arbeidstakarar som er ufaglærte eller jobbar deltid er meir sjeldan med i ei fagforeining enn andre. Varehandelen har mange av begge grupper.30 Samtidig har varehandelen ein del andre trekk som også er typiske for yrke med låg organiseringsgrad, som at arbeidsplassane er små, har stor utskifting, har mange unge arbeidstakarar, at mange kombinerer arbeidet med skule og studiar og at det ikkje er fagforeining og tariffavtale på arbeidsplassen.31 På arbeidsplassar der det ikkje er tariffavtale eller fagforeining er organisasjonsgraden 13 prosent.32

Låg organiseringsgrad i varehandelen er heller ikkje berre eit norsk fenomen, men ei utfordring i mange land på grunn av strukturelle forhold ved arbeidsplassane.33 Ein ser også at både høg organisasjonsgrad og låg organisasjonsgrad kan fungere sjølvforsterkande – der den er høg er det lettare å halde organisasjonsgraden oppe, mens der den er låg kan det vere vanskelegare å auke den.34

Dei som har svart på undersøkinga i denne avtala er blant dei som er med i ei fagforeining, og det gjer at desse nok har betre arbeidsvilkår enn den uorganiserte delen av varehandelen. Dei har for eksempel tariffavtaler som regulerer lønnsnivåa og AFP-ordningar gjennom desse. Arbeidstakarar i varehandel utan tariffavtale har ikkje dette.

Ein tariffavtale kan gjelde også uorganiserte på arbeidsplassen sjølv om ikkje alle dei tilsette er organiserte, så lenge dei er i ein stillingskategori som er dekka av tariffavtalen.35 Om lag 46 prosent dei som jobbar i privat sektor har tariffavtale. For alle arbeidstakarar var dette talet 64 prosent.36 Her har det vore ein nedgang frå 2014, då andelen var 70 prosent. Omfanget av tariffavtalar påverkar direkte kor mange arbeidstakarar som får AFP i privat sektor. Når færre har tariffavtale, er det færre som får AFP-rettar.

Arbeid utanfor ordinær arbeidstid

Nattarbeid og arbeid utanfor ordinær arbeidstid kan påverke arbeidstakarars trivsel og helse. Det er fleire i varehandel som jobbar utanom ordinær arbeidstid enn i mange andre yrke.37 Om lag 40 prosent av dei tilsette i varehandelen jobbar ofte utanfor ordinær arbeidstid, og om lag 30 prosent av arbeidstakarane som jobbar regelmessig på laurdagar. Generelt i arbeidslivet er det sånn at dei som jobbar deltid jobbar langt meir utanom ordinær arbeidstid enn andre.38

Andel ansatte som jobber regelmessig natt, kveld, lørdag og søndag i 2020
Figur 6. Kilde: SSB

Figur 6 over viser at tilsette i varehandelen jobbar meir kveld og laurdag enn snittet for andre yrke. Når det gjeld natt- og sundagsarbeid, ligg tilsette i varehandelen godt under snittet. Andelen nattarbeidarar i varehandel har vore stabil over tid.40

Det er vesentlege kjønnsforskjeller rundt arbeidstid, også i varehandel. Figur 7 under dokumenterer kjønnsforskjellene i arbeidstid mellom kvinner og menn i varehandel. Kvinner jobbar vesentleg meir både kveld og laurdagar enn menn.

Andel kvinner og menn som jobber regelmessig natt, kveld, lørdag og søndag.
Figur 7. Kilde: SSB

Etter kommunevalet hausten 2023 er det debattar i fleire kommunar rundt å søkje om turiststatus, for å kunne ha lov til å ha sundagsopne butikkar. Ein slik søknad må sendast til statsforvaltaren. Tankesmien Agenda ga i 2023 ut eit notat som kartla ulike partis syn på fleire sundagsopne butikkar.41 Her blei det klart at partia på høgresida i ei rekke kommunar planla å søkje om å kunne ha sundagsopne butikkar. Om dei gjennomfører dette, og får løyve frå statsforvaltaren til å gjere det, vil det kunne ha stor påverknad på omfanget av sundagsarbeid for tilsette i varehandelen.

Utvalet som vurderte omfanget av sundagsopne butikkar peika på at utvida opningstider på sundagar og i høgtidsdagar vil kunne bidra til meir deltidsarbeid, og at dette vil påverke kvinner meir enn menn.42

Arbeidstilsynet har høve til å pålegge reaksjonar på arbeidsgivarar som har brote arbeidstidsreglementet. Tidlegare undersøkingar har vist at varehandel var blant dei næringane som fekk flest reaksjonar.43

Våren 2022 vedtok Stortinget å setje ned eit utval som skulle sjå på korleis tilsette sitt vern mot natt- og åleinearbeid kan bli styrka. Dei skulle særleg sikre at tilsette i varehandelen får tilstrekkeleg vern av arbeidsmiljølovas reglar om kvelds- helge- og nattarbeid. I mars 2023blei eit slikt utval sett ned, med representasjon frå partane. Dei skal legge fram sitt arbeid innan 1. juni 2024.

I notatet Frå deltidsfelle til heiltidskultur frå 2022 såg Tankesmien Agenda nærmare på dette, og særleg på omfanget blant HKs medlemer. I notatet viser vi mellom anna at ein vesentleg del av HKs medlemmer jobba deltid, og at mange av desse sa dei ikkje hadde valt det sjølv. Ufriviljug deltid er altså ei vesentleg utfordring for tilsette i varehandelen.

Nokre arbeidstakarar treng deltid for å få livet til å gå opp, for å kunne kombinere jobb og helsesituasjon, eller for å kombinere jobb og utdaning, men finst også ei vesentleg gruppe i varehandelen som jobbar deltid som seier dei ikkje har valt dette sjølv og jobbar ufriviljug deltid. Det betyr at det er ei arbeidskraftreserve i næringa.

Mange av desse har også prøvd å ta dette opp med arbeidsgivar, utan å ha fått tilbod om større stilling. For dei hadde det konsekvensar for lønnsnivå, økonomisk tryggleik og føreseielegheit rundt arbeidstid at dei ikkje hadde tilbod om større stilling.

Omfanget av deltid og ufriviljug deltid i varehandelen har ei rekke årsaker. Ei av dei er dei vide arbeidstidene mange butikkar har, som får arbeidsgivar til å dekke opp meir av arbeidet med deltidsstillingar.

No har vi stilt nye spørsmål om deltid, men til eit anna utval og med litt andre spørsmål enn førre undersøking. Resultata er difor ikkje samanliknbare. Fjorårets notat går meir omfattande inn på denne tematikken enn det vil vere rom for her, men det er nokre tal frå den nye undersøkinga som er relevante å trekke fram.

For det fyrste spurde vi respondentane kor stor prosentandel dei jobbar i. Denne viser at mange jobbar i relativt store brøkar. 68 prosent av respondentane jobbar i stillingar som er større en 50 prosent. Dette teiknar eit bilete av at denne gruppa har jobben i varehandel som hovudverksemd, men at dei av ulike grunnar ikkje jobbar fullt. Det kan handle om at dei ikkje får tilbod om større stilling, eller om at dei ikkje kan ha større stilling på grunn av helseplagar eller omsorgsoppgåver. Uansett årsak vil det å kunne forsørge seg sjølv av ein deltidsjobb i varehandel vere økonomisk krevjande, og det vil gi eit svakt oppteningsgrunnlag for pensjon.

Hvor stor er stillingen din i prosent.
Figur 8.

Blant dei som jobbar deltid har vi også spurd kor mange som jobbar ekstra utover avtalt arbeidstid. Svara på dette spørsmålet illustrerer at det er ein vesentleg del av dei tilsette som jobbar utover sin eigen stillingsprosent. 16 prosent jobbar vakter utover avtalt arbeidstid kvar veke. Berre 35 prosent gjer dette sjeldnare enn ein gong i månaden. Sannsynlegvis er årsakene til at mange jobbar meir enn arbeidskontrakten tilseier. Dette kan vere uttrykk for at mange i denne gruppa ynskjer å jobbe meir enn stillingsprosenten opnar for, eller at dei ynskjer inntektene frå å ta fleire vakter. Det kan også vere tilsette som ynskjer meir fleksibilitet sjølv.

Hvor ofte man tar vakter utover avtalt arbeidstid.
Figur 9.

Sidan deltidsarbeid har konsekvensar for pensjonsinntening, er det også relevant å sjå på aldersfordelinga til dei som har svart på denne undersøkinga og sagt at dei jobbar deltid. Her er den største gruppa i alderen frå 50 til 59 år. Heile 63 prosent er 40 år og eldre. Då vil store delar av denne gruppa ha dette yrket fram til dei når pensjonsalder og basere pensjonen sin på det inntektsnivået deltidsjobben gir.

Alder
Figur 10. N=2428

No har retten til heiltid blitt lovfesta. Lova trådte i kraft 1. januar 2023, og det er enno tidleg å seie noko om korleis dette har påverka omfanget av deltid i arbeidslivet generelt og varehandel spesielt.

I samband med notatet «Frå deltidsfelle til heiltidskultur» gjorde vi eit søk på finn.no for å sjå på ledige stillingar i butikk. 23. juni 2022 var det 483 deltidsstillingar og 270 heiltidsstillingar ledige som «butikkmedarbeider» deltid. I år, på eit søk gjennomført 14. september 2023, etter «butikkansatt»44 var 944 ledige stillingar deltid og 389 ledige stillingar heiltid. Det var altså 64 prosent deltidsstillingar i juni 2022 og 68 prosent deltidsstillingar i september 2023. Desse tala er basert på to tilfeldige dagar på finn.no, men dei viser at det her er behov for meir kunnskap rundt kva endringar i arbeidslivet som har kome som følgje av lovendringa.

Sjukefråvær og uførheit

Sjukefråver

Ser ein på sjukefråveret i varehandelen, er dette lågare enn snittet for alle næringar. Men kvinner har høgare sjukefråver enn menn.45 Varehandel skil seg ikkje spesielt negativt ut i det norske arbeidslivet når det gjeld sjukefråver.

Sykefraværsprosent 2023, 2. kvartal
Figur 11.

Uførheit

Personar frå varehandelen er overrepresentert blant dei som blir uføretrygda og får arbeidsavklaringspengar. Arbeidstakarar i salsyrke utgjer 8,9 prosent av nye uføretrygdsmottakarar.46

Det er fire prosentpoeng fleire nye mottakarar av uføretrygd som kjem frå varehandel enn det ville vore dersom det var lik andel nye uføre frå alle næringar. Her er talet vesentleg høgare for kvinner enn for menn, med 4,1 prosentpoeng for kvinner mot 2,4 prosentpoeng for menn.47

Kvinner kombinerer trygd og arbeid oftare enn menn. Ei mogleg årsak til dette kan vere at kvinner er overrepresentert i yrke med mykje deltid. Dette gjer det mogleg å kombinere arbeid og uføretrygd.48

Med tanke på at sjukefråveret ikkje er så høgt samanlikna med andre yrke, er det kanskje eit paradoks at det er ein overrepresentasjon av personar frå varehandelen i uførestatistikken. STAMI, Statens arbeidsmiljøinstitutt, har laga ein kunnskapsgjennomgang av kva faktorar som kan bidra til auka uføreandel i arbeidslivet. Dei viser til at følgande faktorar kan spele inn:49

Dette aukar risikoen for uførheit:

  1. Det er høgare risiko for at arbeidstakarar med liten kontroll over sin eigen arbeidssituasjon blir arbeidsuføre.
  2. Arbeidstakarar som både har krevjande arbeid og lite kontroll over eigen arbeidssituasjon har større sjanse for å kunne bli uførepensjonert.
  3. Nedbemanning, organisasjonsendringar, manglande opplæring og kompetanseutvikling, einsidige og repetitive arbeidsoppgåver og manglande samsvar mellom belønning og innsats, gir også auka risiko for at arbeidstakarar kan bli uføre. Men her trengst det meir dokumentasjon.
  4. Det er lågare risiko for å bli arbeidsufør for arbeidstakarar som kan påverke sitt eige arbeid, gjennom å kunne påverke si eiga arbeidstid og korleis ein utfører arbeidet.

Kjelde: STAMI/Stein Knardahl (2022).

Varehandel er kjenneteikna ved å ha fleire av desse faktorane. Det er sannsynleg at arbeidstakarane her har avgrensa kontroll over eigen arbeidstid, særleg i butikkar der arbeidstakarane ikkje er organisert. Samtidig jobbar ein vesentleg del deltid, og mange av desse tar jamleg på seg vakter utover avtalt arbeidstid. Delar av arbeidet er også krevjande og kan ha einsidig repeterte arbeidsoppgåver, samtidig som lønna er låg samanlikna med andre yrke.

Pensjon

Bakgrunn

Pensjon er heilt avgjerande for folks inntektssikring etter arbeidslivet. Mange tilsette i varehandelen vil kunne ende med lågare inntekt enn andre grupper.

Det norske pensjonssystemet er sett saman av fleire delar. Den består av den offentlege finansierte folketrygda, arbeidsmarknadsbaserte pensjonsordningar, som tenestepensjon og AFP-ordninga, og individuell pensjonssparing.

Dette notatet vil løfte forhold som er særleg relevante for pensjonen til tilsette i varehandelen. Det blir ikkje gått inn på forhold knytt til individuell pensjonssparing her, men det er verdt å merke seg at det ofte dei med høgast inntekt som sparer mest til pensjon på eiga hand. Sånn sett påverkar dette også arbeidstakarane vi skriv om i dette notatet.

Anne Skevik Grødem har i artikkelen «Vinneren tar alt? Fordelingsvirkninger av det nye norske pensjonssystemet» formulert det på denne måten:

Hvis folketrygden er den klassiske velferdsordningen som tar fra de rike og gir til de fattige, og tjenestepensjonene følger en markedslogikk og gir mer til dem som har mest, følger AFP en tredje type logikk: Ordningen gir mer til dem som jobber i det organiserte arbeidslivet.50

Som denne delen av notatet viser, kjem tilsette i varehandelen dårleg ut når det gjeld tenestepensjonar, og dei får lite igjen for AFP-ordninga. Totalen blir då ein låg pensjon.

Folketrygda

Folketrygda er grunnplanken i pensjonssystemet. Den er finansiert av fellesskapet, treff alle og har ein omfordelande effekt. Alle innbyggarar er gjennom dette sikra eit visst inntektsnivå. For dei aller fleste er folketrygda den største delen av alderspensjonen som blir betalt ut.51

I 2011 blei pensjonsreforma innført, som var ei endring av heile pensjonssystemet. Den reduserte pensjonsnivåa i folketrygda for alle, men i mindre grad for dei med den lågaste pensjonen. Reforma baserte seg på ein tanke om at skal lønne seg å jobbe, og at pensjonsrettane heng saman med yrkesinntekt ein arbeidstakar har hatt gjennom arbeidslivet. Samtidig skulle systemet vere rettferdig, ved å fordele frå dei som har mest til dei som har mindre.

I samband med pensjonsreforma blei ordninga med minstepensjon erstatta med ei ordning som blir kalla garantipensjon, som sikrar ei minsteinntekt.

I 2022 kom eit utval som evaluerte pensjonsreforma med sin rapport. Dei har evaluert folketrygddelen, som følgje av sitt mandat, men dei peika på at andre delar av pensjonssystemet enn folketrygda kan motverke folketrygdens omfordelande effekt, og dei ber regjeringa samle inn meir kunnskap rundt korleis dei ulike delane av pensjonssystemet ser ut i eit fordelingsperspektiv. Dei skriv:

Mye tyder på at tjenestepensjonsordningene motvirker omfordelingseffektene i folketrygden og at det samlede pensjonssystemet, som følge av dette, er langt mindre omfordelende enn folketrygdens alderspensjon er alene. Utvalget mener det er behov for mer kunnskap om hvordan tjenestepensjonsordninger og offentlig og privat AFP påvirker fordelingen i det samlede pensjonssystemet, og oppfordrer regjeringen til å foreta den nødvendige kunnskapsinnhentingen.52

Ein sentral del av reforma var levealdersjustering av pensjonen. Det betyr at nivået på pensjonen blir tilpassa endringar i gjennomsnittleg levealder. Når levealderen går opp, må yngre årskull stå lenger i jobb for å få lik andel av lønna i pensjon som sine eldre kollegaer har fått. Samtidig vil kvar arbeidstakar få høgare pensjon dersom dei ventar med å ta den ut, fordi den skal fordelast på færre år.

HK-Nytt illustrerer dette i en sak: Ida Charlotte (26) har jobba i butikk i fem år. Dersom ho vil ha same nivå på pensjonsutbetalinga som ho ville fått i systemet som var før pensjonsreforma, må ho jobbe til ho er 72 år og 4 månader.53 Berekningar av korleis pensjonsordningane slår ut på ulikheit er ulike ut i frå kva tidspunkt ein tar utgangspunkt i at folk tar ut pensjonen sin, sidan nivået på pensjonsutbetalingane vil variere vesentleg med uttakstidspunkt.

Utvalet som evaluerte pensjonsreforma i 2022 skriv at folk med ulik sosial bakgrunn har ulike høve til å tilpasse seg levealdersjusteringa, og meiner dette kan redusere effekten av dei omfordelande elementa i folketrygdas alderspensjon på sikt.54

Likevel føreslår utvalet å auke aldersgrensene i pensjonssystemet, altså den nedste alderen ein kan ha for å gå av med pensjon, automatisk i takt med utviklinga i levealder. Føremålet med denne endringa er å endre norma for når det er vanleg å gå av med pensjon, men også å sikre eit tilstrekkeleg høgt nivå på pensjonane når folk vel å pensjonere seg. Utvalet har sett på kva som skjer dersom ei slik endring ikkje fører til at folk jobbar lenger. Dei peiker på at pensjonsnivået då vil «avta betraktelig over tid».55

Dette gir grunn til å følge utviklinga i levealder for ulike yrkesgrupper nøye, i denne samanhengen for å vite meir om kor realistisk det er for arbeidstakarar i varehandelen å jobbe lenger i praksis.

Vi veit at ulike grupper har ulike føresetnader for å leve lenge, og det er knytt til inntekts- og utdanningsnivå. Denne grafen viser korleis forventa levealder går opp med inntektsnivå:

Forventa levealder etter inntekt
Figur 12. Kilde: FHI

Menn som er del av den eine prosenten med den lågaste inntekta i Noreg lever 13,8 år kortare enn den prosenten med menn som har høgast inntekt her i landet. For kvinner er forventa levealder høgare, og forskjellane mindre. Her er det 8,4 år mellom prosenten med høgast og lågast inntekt.56

Sidan tilsette i varehandel har inntektsnivå godt under snittet, er det sannsynleg at denne gruppa også er i gruppa med levealder under snittet.

Levealder må også bli sett opp mot kor mange gode leveår ein har, altså leveår med god helse. Denne grafen, basert på helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), viser at det er store forskjellar i kor lenge ulike grupper har gode leveår:

Beregnet antall leveår med god helse etter fylte 30 år
Figur 13. Kilde: HUNT

Grafen over viser at det er veldig ulikt kor mange gode leveår ein har etter fylte 30 år. For arbeidstakarar med grunnskule som høgaste utdaning, er dette om lag 30 år. For arbeidstakarar med universitet og høgskule som høgaste utdaning, er dette om lag 40 år. Desse ulikheitene i helse bør tas med i vurderingane når ein ser på korleis pensjonssystemet kan innrettast på ein rettferdig måte, og korleis pensjonssystemet slår ut for tilsette i varehandelen.

Arbeidsmarknadsbaserte pensjonar/innskotspensjon

Når folketrygda har blitt redusert, blir dei andre pensjonsordningane desto viktigare for den enkelte. Arbeidsmarknadsbaserte pensjonar kjem i tillegg til folketrygda. Tenestepensjonane er ein del av dette. Ordningane er ulike i offentleg og privat sektor. I varehandel skjer denne pensjonssparinga gjennom privat tenestepensjon, og for dei aller fleste gjennom innskotspensjon.

Arbeidsgivarane er gjennom innskotspensjonsordninga pålagt å setje av minst 2 prosent av arbeidstakaranes lønnsinntekter til pensjonssparing. Dette er omtalt som «grunnsats».57

Arbeidsgivar må spare basert på all lønn til 12 G for alle tilsette. Dei fleste tenestepensjonar i privat sektor har utbetalingar som er tidsbegrensa.58 Etter lov om innskotspensjon følger det at pensjonen skal bli utbetalt i minst ti år, minst til fylte 77 år. Etter dette er det difor mange som går vesentleg ned i pensjonsinntekt, ved at dei då kun har alderspensjonen frå folketrygda og eventuelt annan pensjon som dei har spart til sjølv. Dette er annleis i offentleg sektor, der tenestepensjonen varer livet ut.

Det er store forskjellar mellom næringar når det gjeld kor mange prosent dei betaler inn. Mens folketrygda er ei omfordelande ordning, erinnskotspensjon innretta sånn at ein får meir i pensjon jo høgare lønn ein hadde i utgangspunktet, men også meir jo høgare grunnsats arbeidsgivar betaler inn.59 Yrkesgrupper med dei høgaste lønningane har også høgare nivå på innskotspensjonen og vil få vesentleg meir utbetalt.

I olje- og gasssektoren er det vanleg med ein sats på 7 prosent. Her er gjennomsnittslønna 940 000.60 I tillegg kan arbeidsgivarane ha ein «tilleggssats» for høgare lønningar, opp til 18,1 prosent for lønn mellom 7,1 og 12G. Olje og gass er igjen eit eksempel på ei næring der dette er vanleg.61

I låginntektsyrke er det vanleg med ein vesentleg lågare sats.62 Over ein tredel av norske arbeidstakarar har ein grunnsats på 2 prosent, altså det lågaste nivået lova opnar for å ha. I detaljhandelen ligg gjennomsnittssatsen på litt over 2,5 prosent.63 Litt over 50 prosent av dei tilsette i detaljhandelen har innskotssats på 2 prosent, altså minimumsnivået for tenestepensjon.64 Her har det vore ein nedgang i kor mange som er på dette nivået på nesten fem prosentpoeng sidan 2019.

I 2022 var gjennomsnittleg grunnsats for innskotspensjon generelt på 3,9 prosent. Denne tabellen frå Actecan viser ulikheita på grunnsatsen i ulike næringar, og korleis det typisk er yrke med høgt utdaningsnivå og høge lønnsnivå som også har høgare nivå på grunnsatsen:

Gjennomsnittlig grunnsats i ulike næringer
Figur 14. Kilde: Actecan

Frå 1. januar 2022 blei det innført eit krav om at arbeidsgivar må spare til pensjon frå den tilsettes fyrste tente krone. Dette har særleg gitt styrka pensjonsrettar for yrkesgrupper med låge lønnsnivå og mange tilsette i deltidsstillingar. For tilsette i varehandelen har dette difor hatt positive konsekvensar for mange tilsette, fordi det er ei gruppe med mange i deltid og relativt låg lønn samanlikna med andre yrkesgrupper.

Dette er nok ein av årsakene til at gjennomsnittleg grunnsats for tenestepensjon i norsk arbeidsliv har gått opp frå 3,6 til 3,9 prosent frå 2019 til 2022.65 For tilsette i detaljhandel har satsen gått opp med 0,2 prosentpoeng i same periode.66

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning som er avtalt gjennom ei tariffavtale mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarsida.

AFP-ordninganeer ulike for privat og offentleg sektor, men den opprinnelege tanken bak ordningane er at dette skulle vere omfordelande ordningar for «slitarane» i arbeidslivet. I 2011 kom det endringar i den private AFP-ordninga, som er den som er relevant for tilsette i varehandel. No er privat AFP ei ordning som gir eit livsvarig tillegg i alderspensjon frå folketrygda. Endringane gjorde at arbeidstakarane får meir utbetalt for å jobbe lenger, ved at dei får høgare utbetalingar jo lenger dei ventar med å ta ut pensjonen.67 Ordninga har altså endra seg vesentleg.

AFP er eit spleiselag mellom bedriftene som er med på ordninga og staten. Mens arbeidsgivarane betaler 2/3, betalar staten 1/3 av utgiftene. Butikkar som er med på ordninga må betale for alle sine tilsette, uavhengig av kor mange av dei som er i den aktuelle aldersgruppa der rettane blir opparbeida, nemleg mellom 53 og 62 år.68

AFP kan utgjere ein vesentleg del av utbetalt pensjonsnivå, om lag mellom 8 og 10% av lønna. I praksis utgjer dette ein forskjell i samla pensjon på 15-18 prosent. Samtidig vil nivået på utbetalt AFP, for dei som får dette, avhenge av lønnsnivået. Arbeidstakarar med høgare lønningar får også meir utbetalt gjennom AFP-ordninga enn låglønte.69

Actecan har sett nærmare på dette og vist korleis det samla pensjonsnivået blir veldig ulikt mellom grupper, som følgje av dagens innretning på AFP-ordninga. Dei viser til at tilsette innanfor finans, forsikring eller petroleumsingeniørar kan få AFP-utbetalingar på godt over 60 000 kroner i året, mens det for tilsette i butikk vil kunne vere snakk om rundt 40 000 kroner i året.70 Samtidig er det store forskjellar i kor mange som faktisk får AFP. I varehandelen er det snakk om eit mindretal av arbeidstakarane.

Det er ikkje alle som kvalifiserer til å få AFP-ordning, og ganske mange fell ut av den undervegs. Den har også ulike utslag for ulike yrkesgrupper. Om lag halvparten av dei som jobbar i privat sektor har AFP-rettar.71

I varehandel er det få tilsette som i praksis får AFP når dei når pensjonsalder. I praksis om lag 40 prosent av dei tilsette i handelsnæringa er tilslutta privat AFP.72 Men sjølv om arbeidsplassen er tilknytta ei AFP-ordning, er det også ei rekke vilkår som den tilsette må oppfylle for å få AFP. Dei må ha jobba i ei AFP-bedrift i sju av ti år før dei fyller 62 år for å kunne få denne pensjonen.73

Mange arbeidsgivarar innafor varehandel har ikkje AFP. Det er vanleg at dei som jobbar i yrke med låge satsar på innskotspensjonen har også sjeldnare AFP-rettar. Samtidig er det vanlegare at dei som har AFP også har eit høgare nivå på innskotspensjonen.

Kombinasjonen av at varehandel ofte har låge innskotssatar for tenestepensjon, og at dei tilsette sjeldan får AFP, betyr at dei same tilsette vil få lågare pensjon enn mange andre yrkesgrupper.

For butikkar som er med på AFP-ordninga betyr dette at auka utgifter samanlikna med andre butikkar, samtidig som det ikkje er gitt at særleg mange tilsette får ta del av ordninga. I praksis kan dette bli dette eit hinder for organisering for butikkane på arbeidsgivarsida.

Her er det verdt å merke seg at omfanget av tariffavtalar i arbeidslivet samla sett har gått vesentleg ned (7 prosentpoeng) sidan pensjonsreforma blei forhandla fram. Det betyr også at det er færre av arbeidstakarane som får ta del i AFP-ordninga i privat sektor enn ein la til grunn då ordninga blei forhandla fram.

Uførepensjon gir arbeidstakarar som har blitt uføre ei ekstra utbetaling, på toppen av beløpet frå folketrygda, fram til dei fyller 67 år. Arbeidsgivarar er ikkje pålagt å ha ei slik uførepensjon, og i varehandelen er det berre 20 prosent som har ei slik dekning.74 Dette er typisk for yrke med lite omfattande pensjonsordningar.75 Samtidig har alle tilsette i offentleg sektor uførepensjon.

Dei som har uførepensjon, kan få betaling utover det folketrygda gir frå dei blir uføre og fram til dei fyller 67 år. Denne grafen viser kva nivå ein kan få på uføretrygdutbetalinga dersom ein får maksimal utbetaling frå privat tenestepensjon:

Beskriver maksimal uførepensjon fra privat tjenestepensjonsordning.
Figur 15. Kilde: Actecan

Varehandel er altså ei gruppe der fleire enn gjennomsnittet har behov for uførepensjon, men der få har dette dekka i pensjonsordninga si.

Resultat frå undersøkinga

Ein føresetnad for at pensjonssystemet skal fungere, er at arbeidstakarar har kunnskap nok om ordningane til å ta gode val for seg sjølv. Tanken bak systemet er at ein skal ha økonomiske insentiv til å jobbe meir. For at dei insentiva skal fungere, må folk ha grunnleggande innsikt i systemet og eigne rettar.

Utvalet som har vurdert pensjonsreforma peikar på at ikkje alle har god oversikt over eigne pensjonsrettar. Dei viser også til at samtidig som NAV har gått over frå fysiske møte med tilbod om rådgiving til at meir av dialogen med folk er på nett, har det blitt stor aktivitet i sosiale sider på nettsidene til interessegrupper og kommersielle aktørar for å få svar på spørsmål om pensjon. Det kan vere eit uttrykk for at offentleg informasjon om pensjonssystemet ikkje er tilgjengeleg nok.

Vi har stilt ein del spørsmål rundt kva folk veit om sine pensjonsordningar, for å få oversikt over kor mange som kjenner sine eigne rettigheitar.

Respondentane blei spurd om dei har tariffavtale med AFP. Ettersom utvalet er henta frå HK-medlemer som er i avtalene med Virke og NHO, er dette eit utval som alle har AFP-rettar i tariffavtalene. Litt under ein tredel svarer at dei ikkje veit om dei har AFP, sjølv om dei faktisk har dette. Dette illustrerer at mange ikkje har heilt oversikt over eigne pensjonsrettar.

Vi stilte også spørsmålet om kva nivå folk har på innskotssatsane på tenestepensjonen sin. Svara viste at mange ikkje kjenner til eigne ordningar her heller. Som forklart tidlegare i notatet, er forskjellen på ein tenestepensjon med innskot på 2 prosent og 7 prosent vesentleg for pensjonsutbetalinga til ein arbeidstakar og noko arbeidstakarar definitivt har interesse av å vite om.

Viser nivå på innskuddssatsen på tjenestepensjoner
Figur 15

58 prosent veit ikkje om bedrifta har gruppelivsforsikring. 32 prosent har sagt ja og 11 prosent har sagt nei.

75 prosent veit ikkje om bedrifta har etterlattepensjonar. 9 prosent sa ja og 16 prosent sa nei.

Overordna er altså biletet at mange i varehandelen har lite kjennskap til eigne pensjonsrettar. Ei stor gruppe i det norske arbeidslivet veit nok difor ikkje kva inntekt dei vil få som pensjonistar, samtidig som dette er ei gruppe som kjem dårleg ut samanlikna med andre grupper.

Oppsummering og tilrådingar

Dette notatet har vist at tilsette som jobbar i varehandelen eit heilt yrkesliv har lønns- og arbeidsvilkår som gjer at dei kjem dårlegare ut enn andre grupper på ei rekke område.

Desse arbeidstakarane har lågare lønningar enn snittet i Noreg, har meir deltid enn andre yrke og blir oftare uføre enn andre. Det er særleg i pensjonsalder at forskjellane til andre yrke blir særleg tydelege – med låg innskotspensjon og få med AFP-rettar, er det mange som vil ha ein alderdom med låg inntekt.

Samtidig er det mange i denne gruppa som ikkje kjenner til sine eigne rettar. Dei veit ikkje kva nivå dei har på innskotspensjonen, som utgjer ein stor forskjell for pensjonsnivået, og i denne undersøkinga har mange av dei som har hatt AFP-rettar ikkje vore klar over at dei har det. Det betyr nok at også mange av dei som ikkje har AFP-rettar heller ikkje har oversikt over dette. Overordna gir det eit bilete av at vi har eit pensjonssystem som føresett at arbeidstakarar har kunnskap dei ikkje har, fordi denne er vanskeleg tilgjengeleg for mange.

Kvinner er overrepresentert på ei rekke av indikatorane som kan gi svakare økonomiske rettar her. Dei utgjer eit fleirtal av dei som jobbar i varehandelen heile yrkeslivet, jobbar oftare deltid og blir oftare uføre enn menn.

Denne problematikken fortener ein større politisk debatt. Her er nokre fyrste forslag til tilrådingar som kan gjere noko med dette:

1. Auka satsing på større organiseringsgrad i varehandelen

Organisering i fagforeining gir arbeidstakarar meir makt og påverknad på arbeidsplassane. I denne samanhengen gir det høgare lønn, men også rett på ordningar som AFP. Det kan gjere store utslag for arbeidstakaranes økonomiske situasjon i alderdommen. Med høgare fagorganiseringsgrad er større sannsyn for å kunne gjere noko med at tilsette i varehandelen kjem tapande ut i ei rekke ordningar.

2. Formidle meir grunnleggande kunnskap om pensjonsordningar

Det norske pensjonssystemet er komplisert. Det er heilt vanleg å ha lite oversikt over eigne pensjonsrettar. No sparer arbeidstakarane opp ei «behaldning» gjennom innskotspensjonen som skal fordelast ut over pensjonsåra, basert på årskullets forventa levealder. Nivået på arbeidsgivarens innskot har altså mykje å seie for kor høg inntekt arbeidstakarane vil få. Her har arbeidstakarane påverknad, på den måten at dei i enkelte tilfelle kan bytte arbeidsgivar til arbeidsgivarar som kan tilby høgare innskotspensjon. Dei kan også bruke kunnskap til å organisere seg og krevje høgare innskotspensjon.

Etter pensjonsreforma får arbeidstakarar eit heilt anna og nytt ansvar for å sikre seg sjølv inntekt i eldre år. Det føresett kunnskap, ein kunnskap som ikkje blir gitt tilstrekkeleg i det norske utdanningssystemet. Stortinget bør ta ein kritisk gjennomgang av korleis dei kan legge betre til rette for at fleire får oversikt over eigne pensjonsrettar.

Ein bør sjå på om både skuleverk, myndigheiter og partane i arbeidslivet kan gjere meir for å formidle kunnskap om kor viktig uttakstidspunkt, AFP-rettar og nivået på innskotspensjon vil vere for inntekta i alderdommen.

3. Tiltak for heiltidskultur

Varehandelen er overrepresentert blant dei som jobbar deltid i det norske arbeidslivet. Det gir lågare pensjonsinntekter, men også lågare arbeidsinntekt enn andre. Kvinner er overrepresentert i denne gruppa. Alle kan og vil ikkje jobbe heiltid, men det bør i større grad leggast til rette for at arbeidstakarar som ynskjer å jobbe heiltid skal få sjansen til det. Heiltid bør vere norma, og så kan deltid bli ei moglegheit for dei som ynskjer det.

Tankesmien Agenda ga i fjor ut eit notat om denne tematikken og i dette notatet er ei rekke forslag til tiltak som fortsatt er relevante.

4. Tiltak for god helse gjennom heile yrkeslivet i varehandelen

Arbeidstakarar i varehandel er overrepresenterte på uførestatistikken. Det gir grunn til å sjå på om det kan bli tatt strukturelle grep for å sikre arbeidstakaranes helse gjennom yrkeslivet, sånn at fleire har reell sjanse til å jobbe lengre. Det er sannsynleg at låg organiseringsgrad, at handelsnæringa består av mange små einingar og høg grad av utskifting av særleg yngre arbeidstakarar gir mindre fokus på denne typen tiltak. Her bør partane og myndigheitene samarbeide om å sjå på kva som kan bidra til at fleire har god helse gjennom heile yrkeslivet i varehandelen.

5. Ein gjennomgang for å sikre mindre økonomisk ulikheit i pensjonssystemet.

Som dette notatet har vist kjem tilsette i varehandel dårleg ut ved å ha få som får AFP og ved å ha låg innskotspensjon. Som utvalet som evaluerte pensjonsreforma peika på, er det behov for meir kunnskap om dei overordna omfordelingseffektane av pensjonssystemet samla sett. Det er også grunn til å sjå nærmare på føresetnaden om at alle skal jobbe lenger, og særleg korleis dette slår ut for yrke som varehandel.

Avslutning

Noreg er kjent som eit land med små økonomiske forskjellar. Det kjem ikkje av seg sjølv, men som følgje av ei rekke politiske og faglege prioriteringar.

Det fins nokre viktige utfordringar knytt til inntektssikring og likestilling ved dagens lønns- og arbeidsvilkår i varehandelen. Desse bør løysast politisk, innanfor rammene av trepartsamarbeidet. Det er ein viktig jobb for partane i arbeidslivet og myndigheitene å gjere denne delen av yrkeslivet meir rettferdig. Ein start kan vere å gjennomføre tilrådingane i dette notatet.

Fotnoter

1

SSB (2022a). «Statistikkbanken. Nasjonalregnskap. 09174: Lønn, sysselsetting og produktivitet, etter næring 1970 – 2022». Henta ut 28. september 2023. https://www.ssb.no/statbank/table/09174/ (https://www.ssb.no/statbank/table/09174/)

2

St. meld. nr. 9 (208-2019). Når kunden alltid har nett.Næringsdepartementet, s. 9 https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-9-20182019/id2620696/ (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-9-20182019/id2620696/)

3

SSB (2022a). «Statistikkbanken. Nasjonalregnskap. 09174: Lønn, sysselsetting og produktivitet, etter næring 1970 – 2022», Aasestad, Kristin, Jørgen Vinje Berget og Robert Skotvold (2022). «19 prosent høyere omsetning i dagligvare under pandemien». 4. april 2022. https://www.ssb.no/varehandel-og-tjenesteyting/varehandel/artikler/19-prosent-hoyere-omsetning-i-dagligvare-under-pandemien (https://www.ssb.no/varehandel-og-tjenesteyting/varehandel/artikler/19-prosent-hoyere-omsetning-i-dagligvare-under-pandemien)

4

St. meld. nr. 9 (208-2019), s. 50-51.

5

SSB (2022). Sysselsetting, registerbasert, 08536: Kjønn- og næringsfordeling (88 grupper) blant sysselsatte (15-74 år). 4. kvartal (K) 2008-2022». Henta ut 28. september 2023.

6

Jensen, Ragnhild Steen og Beate Sletvold Øistad (2019). «Det kjønnsdelte arbeidsmarkedet på virksomhetsnivå», FAFO-rapport 2019:17, s. 28

7

SSB (2022). Sysselsetting, registerbasert, 08536: Kjønn- og næringsfordeling (88 grupper) blant sysselsatte (15-74 år). 4. kvartal (K) 2008-2022». Henta ut 28. september 2023.

8

Jensen, Ragnhild Steen og Nergaard, Kristine (2017). «Varehandel som inkluderingsarena». FAFO-rapport 2017:25.

9

Jensen, Ragnhild Steen og Nergaard, Kristine (2017)

10

Jensen, Ragnhild Steen og Kristine Neergaard (2017). «Varehandel som inkluderingsarena». FAFO-rapport 2017:25.

11

Jensen, Ragnhild Steen og Beate Sletvold Øistad (2019), s. 28.

12

Jensen, Ragnhild Steen og Nergaard, Kristine (2017)

13

Jensen, Ragnhild Steen og Beate Sletvold Øistad (2019), s. 28.

14

St. meld. nr. 9 (208-2019), s. 53

15

Jensen, Ragnhild Steen og Beate Sletvold Øistad (2019), s. 28-29

16

Jensen, Ragnhild Steen og Beate Sletvold Øistad (2019), s. 28-29

17

Jensen, Ragnhild Steen og Nergaard, Kristine (2017), s. 7-8.

18

Fri Fagbevegelse (2023). «En av fem har blitt seksuelt trakassert på jobben». Katharina Dale Håkonsen. 28. april 2023. https://frifagbevegelse.no/hknytt/en-av-fem-har-blitt-seksuelt-trakassert-pa-jobben-6.158.955225.a31d6b9f93 (https://frifagbevegelse.no/hknytt/en-av-fem-har-blitt-seksuelt-trakassert-pa-jobben-6.158.955225.a31d6b9f93)

19

Som vist i NOU 2017: 17, s. 145.

20

Denne bolken baserer seg på lønnsnivå for kategorien «butikkmedarbeider» hos SSB (kategori 5223).

[1] SSB (2023a). «Lønn, 11418: Yrkesfordelt månedslønn, etter sektor, kjønn og arbeidstid 2015-2022.»

21

SSB (2023a). «Lønn, 11418: Yrkesfordelt månedslønn, etter sektor, kjønn og arbeidstid 2015-2022.»

22

Fløtre, Ingvild Alseth og Nina Tuv (2022). «Slik kan lønnsforskjellen mellom kvinner og menn forklares». SSB 4. mars 2022. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/statistikk/lonn/artikler/slik-kan-lonnsforskjellen-mellom-kvinner-og-menn-forklares (https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/statistikk/lonn/artikler/slik-kan-lonnsforskjellen-mellom-kvinner-og-menn-forklares)

23

Grini, Knut Håkon og Fløtre, Ingvild Alseth (2023). «Lønnsgapet i Norge». SSB Rapport 2023/4,s. 20. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/lonnsgapet-i-norge/_/attachment/inline/d5758cea-dd26-434e-b0c0-b73bc999b855:559d2fc99dde9e0cfc7adf68c20d0d2b23becdae/RAPP2023-04_medlenker.pdf (https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/lonnsgapet-i-norge/_/attachment/inline/d5758cea-dd26-434e-b0c0-b73bc999b855:559d2fc99dde9e0cfc7adf68c20d0d2b23becdae/RAPP2023-04_medlenker.pdf)

24

VG (2019). «Slår alarm om brøk-bruk i handelen: - Uhørt at man ikke kan leve av jobben». 22. september 2019. https://www.vg.no/nyheter/i/Wb3W8r/slaar-alarm-om-broek-bruk-i-handelen-uhoert-at-man-ikke-kan-leve-av-jobben (https://www.vg.no/nyheter/i/Wb3W8r/slaar-alarm-om-broek-bruk-i-handelen-uhoert-at-man-ikke-kan-leve-av-jobben)

25

Jordfald, Bård, Elin Svarstad og Ragnar Nymoen (2021). «Hvem er de lavlønte?». Fafo-rapport 2021: 29. https://www.fafo.no/images/pub/2021/20796.pdf (https://www.fafo.no/images/pub/2021/20796.pdf)

26

Strøm, Marte, Kristine von Simson og Kjersti Misje Østbakken. (2018). «Midlertidige ansettelser og grupper med svak tilknytning til arbeidslivet.» Institutt for samfunnsforskning. Rapport 2018:2.

https://samfunnsforskning.brage.unit.no/samfunnsforskning-xmlui/bitstream/handle/11250/2484817/Rapport_2-18_web.pdf?sequence=1&isAllowed=y

27

SSB (2023b). «Arbeidskraftundersøkelsen, 07205: Midlertidig ansatte (AKU), etter næring (SN2007), statistikkvariabel og kvartal». Desse tala gjeld tilsette i kategori 45-47 (varehandel, reparasjon av motorvagnar) og kvartal 2 kvart år frå 2016 til 2023. https://www.ssb.no/statbank/table/07205/tableViewLayout1/ (https://www.ssb.no/statbank/table/07205/tableViewLayout1/). Henta ut 28. september 2023.

28

Steen, Johan Røed (2018). «Organisering i servicesektoren». FAFO. Rapport 2018:24. https://www.fafo.no/zoo-publikasjoner/fafo-rapporter/organisering-i-servicesektoren (https://www.fafo.no/zoo-publikasjoner/fafo-rapporter/organisering-i-servicesektoren)

29

Ingelsrud, Mari Holm, Elin Moen Dahl og Elisabeth Nørgaard (2023). «YS arbeidslivsbarometer. Norsk arbeidsliv 2023: Kompetanseutvikling for nye tider? Deltakelse, motivasjon og barrierer», s. 12, s. 18. https://arbeidslivsbarometeret.no/wp-content/uploads/2023/08/Arbeidslivsbarometeret-2023.pdf (https://arbeidslivsbarometeret.no/wp-content/uploads/2023/08/Arbeidslivsbarometeret-2023.pdf)

30

The White House (2022). «The State of Our Unions». 5. september 2022. https://www.whitehouse.gov/cea/written-materials/2022/09/05/the-state-of-our-unions/?fbclid=IwAR2l14JuPMs4rFPGOXjFoKmRWumE4Iy6p3lou5NmMpwSV2VEX0RKl7Ifk14 (https://www.whitehouse.gov/cea/written-materials/2022/09/05/the-state-of-our-unions/?fbclid=IwAR2l14JuPMs4rFPGOXjFoKmRWumE4Iy6p3lou5NmMpwSV2VEX0RKl7Ifk14), Steen, Johan Røed (2018), s. 8.

31

Steen, Johan Røed (2018), s. 7.

32

Steen, Arild H., Kristine Nergaard og Ida Drange (2017). «Organisering av uorganiserte». Arbeidsforskningsinstituttet, FOU-resultat 2017: 06, s. 14. https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/6286/FoU-6-2017_Organisasjonsgrad.pdf?sequence=1&isAllowed=y (https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/6286/FoU-6-2017_Organisasjonsgrad.pdf?sequence=1&isAllowed=y)

33

Steen, Johan Røed (2018), s. 18.

34

Tankesmien Agenda (2017). «Fagbevegelse søker folk», s. 13. Policy-notat. https://www.tankesmienagenda.no/notater/fagbevegelse-soker-folk (https://www.tankesmienagenda.no/notater/fagbevegelse-soker-folk)

35

Arbeids- og sosialdepartementet (2016). «NOU 2016: 1, Arbeidstidsutvalget – Regulering av arbeidstid – vern og fleksibilitet», s. 109.

36

Ingelsrud, Mari Holm, Elin Moen Dahl og Elisabeth Nørgaard (2023), s. 19.

37

NOU 2016: 1, s. 15. Tala er for arbeidstakarar innanfor varehandel/reparasjon av motorvagnar hos SSB.

38

NOU 2016: 1, s. 103-104.

39

Arbeids- og sosialdepartementet (2016).

40

St. meld. nr. 9 (208-2019), s. 56.

41

SSB (2021). https://www.ssb.no/statbank/table/09883/ (https://www.ssb.no/statbank/table/09883/)

42

Tankesmien Agenda (2023). Søndagsåpne butikker – Hva mener partiene lokalt? https://www.tankesmienagenda.no/notater/sondagsapne-butikker-hva-mener-partiene-lokalt (https://www.tankesmienagenda.no/notater/sondagsapne-butikker-hva-mener-partiene-lokalt)

43

NOU 2017: 17, s. 113.

44

Kategorien «butikkmedarbeider» var ikkje tilgjengeleg på finn.no då vi skulle gjenta dette, så då brukte vi «butikkansatt», som ser ut til å vere ein tilsvarande kategori, med eit litt anna namn.

45

SSB (2023c). «Sykefravær, 12452: Yrkes- (3-siffernivå) og kjønnsfordelt sykefravær 2015K1-2023K2». https://www.ssb.no/statbank/table/12452 (https://www.ssb.no/statbank/table/12452). Henta ut 28. september 2023.

SSB (2023d). «Sykefravær, 12440: Nærings- (17 grupper) og sykefraværstypefordelt (egen- og legemeldt) sykefravær 2000 K2 – 2023K2». https://www.ssb.no/statbank/table/12440/ (https://www.ssb.no/statbank/table/12440/) Henta ut 28. september 2023.

46

Hetland, Aslak, Arve Hetland og Tor Morten Normann (2021). «Yrker og næringer blant nye mottakere av uføretrygd og arbeidsavklaringspenger. Nye mottakere av uføretrygd og arbeidsavklaringspenger (AAP) i 2020». SSB, Tall som forteller, rapport 2022/19, vedlegg 1, s. 41 . https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/trygd-og-stonad/artikler/yrker-og-naeringer-blant-nye-mottakere-av-uforetrygd-og-arbeidsavklaringspenger/_/attachment/inline/be6b76dd-cc6c-45bb-8a1a-9b57843fa5bb:3cceb67d57bbf3d13384adae13e515087609e13b/RAPP2022-19.pdf (https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/trygd-og-stonad/artikler/yrker-og-naeringer-blant-nye-mottakere-av-uforetrygd-og-arbeidsavklaringspenger/_/attachment/inline/be6b76dd-cc6c-45bb-8a1a-9b57843fa5bb:3cceb67d57bbf3d13384adae13e515087609e13b/RAPP2022-19.pdf)

47

Hetland, Aslak, Arve Hetland og Tor Morten Normann (2021), vedlegg 1, s. 45. Tal frå 2020 blant mottakarar mellom 18 og 67 år.

48

Fedoryshyn, Nadiya og Tor Morten Normann (2021). «Vanligst for uføre å jobbe i salgs- og serviceyrker»

SSB Analyse 2021/01. Publisert 14. januar 2021. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/vanligst-for-ufore-a-jobbe-i-salgs-og-serviceyrker (https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/vanligst-for-ufore-a-jobbe-i-salgs-og-serviceyrker)

49

Knardahl, Stein (2022). «Arbeidsfaktorer og risiko for arbeidsuførhet». STAMI 10. mars 2022. https://stami.no/om-stami/forskning/systematiske-kunnskapsoppsummeringer/arbeidsfaktorer-og-risiko-for-arbeidsuforhet/ (https://stami.no/om-stami/forskning/systematiske-kunnskapsoppsummeringer/arbeidsfaktorer-og-risiko-for-arbeidsuforhet/)

50

Grødem, Anne Skevik (2021). «Vinneren tar alt? Fordelingsvirkninger av det nye norske pensjonssystemet». Søkelys på arbeidslivet, Vol. 38, Utg. 2. 24. september 2021. https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.1504-7989-2021-02-02 (https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.1504-7989-2021-02-02)

51

NOU 2022: 7, s. 30.

52

NOU 2022: 7., s. 16.

53

HK-nytt, 6. oktober 2023. https://hk-nytt.no/nyheter/ida-charlotte-26-ma-jobbe-til-hun-er-over-72-6.40.991538.cabb5d72d1?fbclid=IwAR3cSW52rc2dy8-OHbHWtHDcBfpaQArXHUzu4HDa8EGp4-b8yTC2vTQsHj0 (https://hk-nytt.no/nyheter/ida-charlotte-26-ma-jobbe-til-hun-er-over-72-6.40.991538.cabb5d72d1?fbclid=IwAR3cSW52rc2dy8-OHbHWtHDcBfpaQArXHUzu4HDa8EGp4-b8yTC2vTQsHj0)

54

NOU 2022: 7, s. 16

55

NOU 2022: 7, s. 215.

56

FHI (2019).

57

Actecan 2023a, s. 2.

58

NOU 2022: 7, s. 31.

59

Fredriksen, Dennis, Elin Halvorsen og Nils Martin Stølen (2022). «Sosial bærekraft i systemet for alderspensjon». Søkelys på arbeidslivet, årgang 39, utg.1, s. 1. https://www.idunn.no/doi/10.18261/spa.39.1.5 (https://www.idunn.no/doi/10.18261/spa.39.1.5)

60

Actecan 2023a, s. 41.

61

Actecan 2023a, s. 3, s. 6.

62

Actecan 2023a, s. 2.

63

Actecan 2023a, s 14.

64

Actecan 2023a, s. 26.

65

Actecan 2023a, s.2, s. 41.

66

Actecan 2023a, s. 18.

67

NOU 2022: 7, s. 30.

68

Actecan 2023b. «Privat AFP – Ikke for alle. Er en reformert AFP som inkluderer alle et bedre alternativ for ansatte og bedrifter i service- og handelsnæringen?», Rapport 2023-02. 14. august 2023. https://actecan.no/wp-content/uploads/2023/08/2023-02-Privat-AFP-Ikke-for-alle.pdf (https://actecan.no/wp-content/uploads/2023/08/2023-02-Privat-AFP-Ikke-for-alle.pdf) 

69

Actecan 2023b, s. 39-40.

70

Actecan 2023b, s. 40.

71

NOU 2022: 7, s. 14

72

Actecan 2023 b, Figur 7 .

73

Actecan 2023b, s. 3.

74

Arbeids- og inkluderingsdepartementet (2022). «NOU 2022: 7, Et forbedret pensjonssystem», s. 34.

75

Actecan (2023a). «Innskuddspensjon i ulike næringer i 2022». Rapport 2023-02. 22. mai 2023, s. 32-34.

Publisert:

Bli Agendapartner

Vi trenger deg for å løfte debatten

Tankesmien Agendas oppgave er å styrke det offentlige ordskiftet gjennom kunnskapsformidling, utredninger, meningsutveksling og forslag til nye politiske løsninger. Vi trenger din hjelp for å fortsette jobben. Vi appellerer til deg som synes en fri, faktabasert og freidig samfunnsdebatt er et gode!

Mange mennesker som sitter i et rom og lytter til et foredrag.

Abonner på vårt nyhetsbrev

Unngå å gå glipp av noe! Få de siste oppdateringene fra oss rett i innboksen din.