Hopp til hovedinnhold

Mindre ulikheit for ei betre framtid - Korleis Noreg kan bidra til å redusere forskjellar i verda

Samandrag

Det er store økonomiske forskjellar mellom rike og fattige i verda. Dette har ei rekke konsekvensar for samfunnet.

Samtidig er verda no ved eit vanskeleg punkt. Etter fleire tiår med framgang på mange område, har talet på fattige i verda igjen gått opp. Det er krig i Ukraina, etterverknadene etter koronapandemien pregar stadig verda, og klimaendringane pregar oss stadig meir. Sivilsamfunn og demokrati er under press i mange land. Polykrise er eit ord fleire har brukt om denne situasjonen. Vi står i fleire vanskelege situasjonar på ein gong, og løysingane må bli sett i samanheng.

FNs berekraftsmål peikar retning som felles ambisjon for korleis me kan få eit betre samfunn, med ein frist i 2030. Alle dei pågåande krisene har tatt oss eit steg tilbake i arbeidet for å nå desse måla, og det er eit stort behov for meir pengar for å finansiere alle tiltaka som må på plass.

Vi har stadig meir forsking som dokumenterer at små økonomiske forskjellar er bra for eit samfunn. Klarer vi å fordele den økonomiske veksten meir rettferdig, er det ein større sjanse for at vi kan møte utfordringane me står i på ein god måte og at vi betre kan førebygge fleire kriser frå å oppstå.

Med meir omfordeling frå dei som har aller mest til fellesskapet i fleire land, vil det frigjere pengar som kan bidra til å bekjempe fattigdom, handtere klimakrisa og nå FNs berekraftsmål innan 2030.

Eit mål om å bekjempe ulikheit bør difor ha ei sentral rolle i norsk utviklingspolitikk. Dette er også trekt fram som ei hovudsatsing frå regjeringa i Hurdalsplattforma. Ambisjonen med dette notatet er å peike på kvifor dette er viktig og korleis Noreg kan bidra meir.

Innleiing

Det er stor økonomisk ulikheit i verda. Det har ei rekke negative konsekvensar for tillit, demokratisk utvikling, velferd og maktfordeling.

FN legg kvart år fram ein rapport som seier noko om korleis det går med den menneskelege utviklinga, basert på ei rekke indikatorar, som inntekt, levealder og utdaning. FN skriv at det no har vore tilbakegang i menneskeleg utvikling i to år på rad. Faktisk har dei fleste land hatt ei negativ sosial utvikling i dei siste åra. Det er fyrste gong sidan ein byrja med denne indeksen for menneskeleg utvikling i 19901

Stor økonomisk ulikheit vil gjere det vanskelegare for verda å møte krisene knytt til meir ekstrem fattigdom, meir svalt, pandemi, krig og klimaendringar på ein god måte.

Regjeringa skriv i Hurdalsplattforma2 at ho vil prioritere å kjempe mot ulikheit, som eit av seks satsingsområde i utviklingspolitikken. Til grunn ligg det også at regjeringa skal bruke ein prosent av landets bruttonasjonalinntekt (BNI) til å nå FNs berekraftsmål. Å redusere ulikheita i verda er eit av desse måla, som Noreg har forplikta seg til å bidra til. Ved å nå dette enkeltmålet om redusert ulikheit, vil verda også kunne bli i betre stand til å nå dei andre berekraftsmåla.

Dette notatet ser på korleis Noreg kan bruke utviklingspolitikken til å redusere ulikheit. Ulikheit finst både i land og mellom land og mellom menneske på et globalt nivå. Rapportar og forsking bruker ulike definisjonar og mål på ulikheit. Dette notatet har eit breitt perspektiv på ulikheit for å prøve å vise noko av mangfaldet i perspektiv og kunnskap på dette.

Notatet har fem delar. Dette er kapittel 1. I kapittel 2 blir det forklart kvifor små forskjellar er bra for eit samfunn, og kva som er koplinga mellom ulikheit og utviklingspolitikk. Kapittel 3 presenterer ulike mål for ulikheit og ser på omfang av ulikheit i verda. I kapittel 4 blir drivarane bak denne utviklinga gjennomgått. Kapittel 5 handlar om kva politikarar kan gjere i utviklings- og bistandspolitikken for å redusere dei økonomiske forskjellane.

Ved å redusere ulikheit, vil verda kunne bli i betre stand til å handtere utfordringar som svalt, krig, klimaendringar og pandemi.

Små forskjellar er bra for eit samfunn

Ulikheit har negative konsekvensar for ei rekke samfunnsforhold, som fattigdom, maktfordeling, demokrati, tillit, produktivitet, økonomisk vekst og stabilitet.

Wilkinson og Pickett3 si forsking har vist at gode samfunnsforhold, som høg levealder, god helse, låg barnedøydelegheit og høg tillit, er meir vanleg i samfunn med små forskjellar. På den eine sida kan ein ikkje konkludere med at redusert ulikheit automatisk fører til for eksempel auke i levealder eller nedgang i barnedøydelegheit. På den andre sida kan desse tendensane, og suksessen med den nordiske modellen, gi gode haldepunkt for å seie at samfunn med små forskjellar gjer det betre på ei lang rekke område.

Lenge har det å redusere fattigdom vore eit overordna mål i utviklingspolitikken. Kampen mot fattigdom heng saman med nivået på ulikheit. Stadig meir kunnskap har kome dei siste tiåra rundt denne koplinga. Utanriksdepartementet argumenterer no med at ein ikkje vil lukkast i kampen mot fattigdom utan å gjere noko med ulikheita i verda4

Denne argumentasjonen heng saman med ei anerkjenning av at vekst i eit land ikkje nødvendigvis kjem dei som er nedst på inntektsstigen til gode. For at det skal skje, må det følgje med ein aktiv omfordelingspolitikk5 Forsking tyder også på at omfordeling er viktigare enn vekst i BNP for å redusere fattigdom6

Økonomisk ulikheit påverkar også fordelinga av makt i eit samfunn. Når ei lita gruppe har langt større økonomiske ressursar enn resten av befolkninga, gir det politisk makt. Med det aukar faren for at politikken blir styrt ut i frå kva som kjem den økonomiske eliten til nytte, og ikkje fellesskapet.7 Dei siste tiåra er det ei rekke multinasjonale selskap som har vakse seg veldig store. Når ein ser på kva som er dei 100 største økonomiane i verda, er det berre 31 av dei som er land. Resten er selskap. Då blir dei også ein maktfaktor som kan påverke den politiske utviklinga.8

Ein viss økonomisk fordeling er ein føresetnad for å lukkast med demokrati. Ein studie frå USA kan illustrere dette poenget. Den såg på kva grupper som fekk gjennomslag i politiske avgjerder. Den fann at politikkutfalla i liten grad var i tråd med standpunkta til veljarar med låge inntekter, men desto meir i tråd med standpunkta til dei rikaste.9

Meir alvorleg blir det når autoritære leiarar kan bli ved makta fordi dei har rike allierte som bidrar til å halde dei ved makta via pengar frå skjulte bankkontoar i skatteparadis. I dei tilfella kan økonomisk maktkonsentrasjon utan offentleg innsyn bli ein trussel mot demokrati. Arbeid for redusert ulikheit og meir demokrati må difor bli sett i samanheng med arbeidet for økonomisk openheit og arbeidet mot korrupsjon.

Det er ikkje gitt at vekst åleine bidrar til å gi betre velferd for alle i eit samfunn. Då må det også fordeling til.

Auka ulikheit ser ut til å svekke tilliten mellom folk i samfunnet. Ulikheit kan svekke samhaldet mellom folk, og med det kjem konsekvensar for organiseringa av samfunnet. Lite tillit gir ofte behov for å bygge opp byråkrati og kontrollsystem, i staden for å bruke dei same ressursane på å gi betre tenester.10

Små forskjellar kan også bidra positivt til produktivitet og økonomisk vekst. Inntektsulikheit kan bidra til å redusere den økonomiske veksten i eit land.11 Dette handlar om tillit, men også om korleis det at store delar av befolkninga får tilgang på utdaning, og med det får betre høve til å bidra i arbeidslivet. På den måten får land med lite ulikheit i større grad tatt i bruk evnene og talenta til heile befolkninga, og ikkje berre til dei på toppen. Når store delar av befolkninga har eit visst nivå på inntekta, speler det positivt inn for økonomien, ved at det bidrar til auka økonomisk aktivitet.

Noreg har vore med i eit forskingsprosjekt med 18 andre land i OECD, og der har det blitt sett på effekten av skattekutt for dei rikaste på vekst i økonomien. Deira konklusjon er at dei reduserte skattane førte til auka ulikheit, men ikkje ga målbar effekt på vekst eller arbeidsløyse.12 Tidlegare undersøkingar frå IMF har også vist at redusert ulikheit kan bidra positivt på lengda på oppgangskonjunkturar.13

Ulikheit kan også svekke stabiliteten og tryggleiken i eit samfunn.14 Det er for eksempel dokumentert ein samanheng mellom nivået på ulikheit og kriminalitet.15 Under pandemien såg ein at land med mindre sosial ulikheit og høg tillit mellom folk og til myndigheiter hadde lågare smittetal. Det er vanskeleg å konkludere om årsak og verknad her, men det er mykje som tyder på at små forskjeller og høg tillit kan gjere samfunn meir robuste i møte med kriser.16

Utvikling av ulikheit i verda dei siste åra

Stor ulikheit - særleg etter pandemien

Det er stor ulikheit i formue og inntekt i verda. I følgje World Inequality Report,17 som gir ut jamlege rapportar om dette, er fordelinga av formue no kjenneteikna av at:

  1. Dei rikaste ti prosentane i verda har 76 prosent av all formue,
  2. mens dei fattigaste 50 prosentane i verda har to prosent av all formue.

Fordelinga på inntekt:

  1. Dei rikaste ti prosentane får 52 prosent av all inntekt i verda,
  2. mens dei fattigaste 50 prosentane i verda tener 8, 5 prosent av all inntekt i verda.18

Ulikheita på formue er altså større enn ulikheita på inntekt.

To lilla søyler og en grønn som understreker ulikheten i formue og inntekt
Tabell 1. Basert på data frå Chancel m.fl. 2022b.

Banken Credit Suisse har også tal som seier at ulikheita i formue i verda gjekk opp i 2021, og at den rikaste prosenten gjekk frå å ha 43,9 prosent av all verdas formue i 2019 til 45,6 prosent i 2021.19

Samtidig som ulikheita internt i mange land har gått opp mellom 1980 og 2020, har dei same landa hatt økonomisk vekst.20 Det er eit uttrykk for ein manglande politikk for rettferdig fordeling.

Korleis ein skal måle ulikheit best mogleg er ein stor fagleg debatt. Samtidig er det ei stor utfordring å ha eit godt talgrunnlag for alle typar inntekt og formue, særleg i låg- og mellominntektsland. Pengar gøymt i skatteparadis, eller som av ulike grunnar ikkje kjem med i offisiell statistikk, er ofte ute av talgrunnlaget. Det betyr ikkje at ikkje desse pengane finst. Også i Noreg har ein hatt utfordringar med at den offisielle statistikken for ulikheit ikkje fangar opp all inntekt og formue.22 Svake institusjonar for statistikkinnsamling gjer at mange av tala frå låg- og mellominntektsland er usikre.23

Det er like fullt heilt klart at det er stor ulikheit i verda, både når det gjeld inntekt og formue.

Illustrasjonar av ulikheit i verda:

  1. For kvar nye dollar nokon i dei nedste 90 prosentane globalt får av vekst i verda, får ein av verdas milliardærar 1,7 millionar dollar i auka inntekt.
  2. I 2020 hadde den øverste einprosenten 144 gongar høgare inntekt enn den nederste halvparten.
  3. Den rikaste tiprosenten hadde i 2021 ein formue på 550 920 euro per vaksen. Den rikaste einprosenten hadde ein formue på 2,8 millionar euro.

(Kjelder: 1) Oxfam 2023, s. 8, 2) Chancel m.fl. 2022b, s. 59, 3) Chancel m.fl. 2022b, s. 90).

På globalt nivå ser ein at den største delen av veksten går til dei rikaste. Mellom 1995 og 2021 fekk den rikaste éinprosenten av verdas befolkning 38 prosent av den globale velstandsveksten, mens den nedste halvparten fekk to prosent av den same velstandsveksten.24 Den øvste éinprosenten utgjer 51 millionar menneske.25 Dette er illustrert i tabell 2:26

Graf som viser andel global velstandsvekst
Tabell 2 er basert på data frå Chancel m.fl. 2022b, s. 3.

Milliardærane hadde aldri før fått ein så stor del av inntektsveksten globalt som dei fekk dette året. På globalt nivå har avstanden mellom fattige og rike gått opp sidan pandemien.

Utviklinga har vore den same internt i dei fleste land. Ulikheita har gått opp. Samtidig har tempoet på veksten i ulikheit vore ulik i ulike land. Kor fort veksten har vore i ulikheit heng saman kva politikk som har vore ført.28

Den aukande ulikheita internt i land har skjedd parallelt med ei utvikling der offentlege myndigheiter har fått ein mindre del av veksten, mens meir av veksten har gått til private aktørar. Denne globale tendensen blei forsterka under koronapandemien.29

Milliardærane hadde aldri før fått ein så stor del av inntektsveksten globalt som dei fekk i 2020.

Ulikheita mellom land har derimot gått ned dei siste tiåra, fram til koronapandemien kom. Det er mindre avstand mellom gjennomsnittsinntekta til dei rikaste ti prosentane av landa samanlikna med den fattigaste femtiprosenten av landa no enn det var tidlegare.30 FNs tal på dette viser at ulikheitene mellom land gjekk ned i fleire tiår, men så auka dei noko igjen som følgje av koronapandemien, som illustrert i tabell 3 under.31

Rosa søyler
Tabell 3

Det er ikkje slik at det er dei fattigaste landa som har mest ulikheit og at dei rikaste som har lågast. Grad av ulikheit varierer mellom land, uavhengig av om dei låginntektsland eller ikkje.32

The World Inequality Lab har laga ei oversikt over ulikheit i ulike regionar i verda.33 Denne viser at ein finn dei største økonomiske skilnadene i land i Midtausten og Afrika sør for Sahara. Minst forskjellar er det i Europa, som tabell 4 viser:

Søyler som illustrerer inntektsandelen til den nederste 50%, miderste 40% og topp 10%
Tabell 4 er basert på data frå Chancel m.fl. 2022b, s. 11

Korona forsterka ulikheita i verda og ulike land møtte pandemien på ulike måtar. Høginntektsland hadde langt større moglegheit til å møte krisa med pengebruk enn mellom- og låginntektsland hadde. Låginntektslanda brukte i snitt 3 prosent av BNP på korona-pakkar, mens OECD-landa hadde eit snitt på 15 prosent.34

Barn og unge gjekk glipp av skolegang, og helsetilbodet til mange blei vesentleg redusert35 . Menneskerettane og handlingsrommet for sivilsamfunnet blei også stramma inn i mange land, som omtalt i kapittel 3.5.

Fleire ekstremt fattige i verda

Etter ein lang periode der den ekstreme fattigdommen i verda har blitt redusert, gjekk denne opp for fyrste gong på lenge som følgje av pandemien.

I 1990 levde 35,6 prosent av verdas befolkning under fattigdomsgrensa, på 1,90 dollar om dagen38. Så blei talet på ekstremt fattige gradvis redusert. I 2015 var dette talet krympa til ti prosent av verdas befolkning, og i 2020 var talet nede på 8,2 prosent.Dei36 siste tre tiåra før pandemien fekk altså over ein milliard menneske heva inntekta si over den ekstreme fattigdomsgrensa.37

Så snudde det, på grunn av koronapandemien. Nedstenging av samfunn over heile verda ramma særleg hardt dei med minst frå før. Det førte over 700 millionar menneske under grensa for ekstrem fattigdom. I følgje Norad er dette 100 millionar fleire enn det hadde vore utan pandemien. Det er særleg barn som er ekstremt fattige. Fattigdommen påverkar deira høve til å få i seg nok mat, gå på skule og ha god helse.39 FN summerer opp endringa i talet på ekstremt fattige i denne tabellen40:

Graf som viser ekstrem fattigdom
Tal på kor mange som lever på under 1,90 dollar om dagen, 2015-2022

Verdsbanken oppsummerer det som at framgangen i kampen mot fattigdom har blitt sett tilbake med 3-4 år på globalt nivå. I låginntektsland er tilbakesteget tilsvarande 8-9 år som følge av pandemien.41

Det er også mange som lever rett over grensa for ekstrem fattigdom. For kvar tiande cent ein hadde auka den ekstreme fattigdomsgrensa med, hadde talet på ekstremt fattige gått opp med om lag 70 millionar.42 Dette viser at det ikkje kun er gruppa som lever under den definerte fattigdomsgrensa som har lite å rutte med. Mange er også i nærleiken og lever under stramme økonomiske kår sjølv om dei er over den formelle fattigdomsgrensa.

Verdsbanken oppsummerer det som at framgangen i kampen mot fattigdom har blitt sett tilbake med 3-4 år på globalt nivå. I låginntektsland er tilbakesteget tilsvarande 8-9 år som følgje av pandemien.

No aukar mat- og energiprisane over heile verda. Det rammar dei fattigaste hardast. Ei auke på berre eit prosentpoeng i matvareprisar vil kunne føre 10 millionar fleire menneske inn i ekstrem fattigdom.43 Verdas matvareprogram har hatt aukande aktivitet dei siste åra som følgje av denne situasjonen, og ved sluten av 2021 hadde talet på menneske som stod overfor svalt og akutt mangel på mattryggleik gått opp med om lag 90 prosent sidan starten på 2020. Som følgje av dette måtte matvareprogrammet redusere hjelpa til ein del grupper, til trass for auka inntekter til organisasjonen.44

Afrika sør for Sahara opplevde særleg vekst i talet på ekstremt fattige som følgje av pandemien. Dette gjaldt også fattige arbeidstakarar som allereie er i jobb. FN har laga ei oversikt over kor mange fattige arbeidstakarar det er i ulike regionar i åra frå 2019 til 2021:45

Graf som viser Fattige arbeidstakarar i ulike land
Fattige arbeidstakarar i ulike land

Drivarar bak den aukande ulikheita

Det er fleire årsaker til den aukande ulikheita i verda. Finansmarknader som har blitt deregulert og at økonomien har blitt meir internasjonal sidan 1980 er nokre faktorar som har påverka.Globale46 utviklingstrekk og politikk internt i land speler saman og bidreg til at det blir større forskjellar mellom fattig og rik både når det gjeld inntekt og formue.

I dette kapittelet blir dei viktigaste drivarane bak den aukande ulikheita i verda presentert. Kva ein kan gjere for å redusere ulikheita blir lagt fram i kapittel 5, der desse blir knytt til dei ulike drivarane.

Nedgang i skattenivået globalt

Gode skattesystem er effektive verkemiddel for omfordeling. Skatt gir også pengar til å finansiere velferdstilbod, som helse- og utdaning. FNs spesialrapportør for ekstrem fattigdom og menneskerettar har uttalt skatt er eit nykkelverktøy for å handtere ulikheit, samle nok ressursar til å redusere fattigdom og sikre menneskerettane.47

Dei med mest pengar kan flytte frå eit land om dei synst skattenivået har blitt for høgt. Det har bidratt til ein negativ spiral, der land etter land har sett ned sitt skattenivå for å hindre utflytting.

Tidlegare var det gjennomsnittlege globale skattenivået for dei rikaste vesentleg høgare enn i dag.48 Frå 1985 til 2018 gjekk det globale gjennomsnittet for nivå på ulike former for skatt på selskap ned frå 49 prosent til 24 prosent. Ei hovudårsak er internasjonal konkurranse om skattenivå49

Elon Musk, ein av verdas rikaste, betalte for eksempel om lag 3 prosent i inntektsskatt i perioden frå 2014 til 201850

Globalt har dette bidratt til mindre skatteinntekter å fordele til fellesskapet, og at nokre av dei rikaste bidrar relativt mindre, sett i forhold til inntekt, enn andre grupper gjer. For eksempel er det berre 4 prosent av skatteinntektene i verda som kjem frå skatt på kapital, og halvparten av milliardærane i verda bur i land utan arveavgift.51

Elon Musk, som er blant verdas rikaste, betalte om lag 3 prosent i inntektsskatt i perioden frå 2014 til 2018.

Denne grafen52 illustrerer korleis dei rikaste har fått meir av den globale inntekta samtidig som skattenivåa har gått ned på ei rekke skattar globalt. Merk at høgre akse aukar langt mindre enn venstre akse, men det er likevel ei parallell utvikling:

Illustrasjon med lands fallende skatterate

Det er altså ei global utfordring å sikre skattesystem som treff rettferdig og klarer å redusere ulikheit. Samtidig er det store skilnader mellom ulike land og korleis dei har organisert skattesystema sine.

Mange låg- og mellominntektsland er langt unna å ha etablert gode system for å hente inn skatt i dag. Det er gjennomgåande at desse landa både har eit lågare nivå på offentlege inntekter og utgifter enn OECD-land, men også at dei har eit mindre omfordelande skattesystem.

Blant OECD-landa er det vanleg med ein skatteinngang på 35 prosent av BNP, mens 30 av dei fattigaste 75 landa i verda har skatteinntekter på under 15 prosent av BNP.53 I låg- og mellominntektsland er meir av skatteinntektene henta frå avgifter, som moms.54

Til dette biletet høyrer det at mange av låginntektslanda med små skatteinntekter har store og verdifulle naturressursar. Men når desse ressursane har blitt henta ut, har det ofte skjedd ved at store multinasjonale selskap har forhandla fram avtaler med eit lågt skattenivå.55 Det er ei anna løysing enn for eksempel Noreg har valt som skatteregime for sine oljeressursar, der den store brorparten av inntektene går til fellesskapet som skatt.

Mellom 2004 og 2019 hadde for eksempel Afrika høg vekst, men dei ti prosent med høgast inntekt fekk 75 prosent av lønnsinntektene.Utan56 eit omfordelande skattesystem, ser ein at økonomisk vekst gir mindre effekt på fattigdomsreduksjon.

Framveksten av skatteparadis

Utviklinga med redusert skatteinngang globalt må bli sett i samanheng med stadig fleire skatteparadis57 og skjulte formuar. Eit skatteparadis er ein stat som gir låg eller null skatt til utlendingar eller selskap eid av utlendingar. Ofte er det knytt hemmeleghald til skatteparadisa, som gjer det vanskeleg for omverda å finne ut kor mykje pengar som er der. Menneske med store verdiar i skatteparadis kan også ha tette band til politiske elitar i ulike land, utan at dette blir kjent for offentlegheita. Det kan også vere band til kriminelle nettverk, som forblir skjult som følgje av desse systema.

Skatteparadis bidrar til å unndra verdiar frå skattlegging, og gjer det vanskeleg å få god oversikt over fordeling av inntekt og formue i verda. I skatteparadis er det mogleg å skjule inntekter frå pengar som er henta inn på ulovleg vis, og å omgå lovverka i heimlanda. Å arbeide mot skatteparadis vil vere vesentleg for å lukkast med å redusere den globale ulikheita.

Ein av metodane for å flytte pengar til skatteparadis er gjennom internprising i store selskap. Slik kan ein flytte overskot frå land med høg skatt til land med lågare skatt58

Menneske med store verdiar i skatteparadis kan ha tette band til politiske elitar, eller kriminelle nettverk, i ulike land, utan at dette blir kjent for offentlegheita.

Ein studie frå 2020 anslo at på globalt nivå blei gjennomsnittleg 36 prosent av profitten til multinasjonale selskap flytta ut av landa dei kom frå i 2015. I USA var det tilsvarande talet over 50 prosent.59 Den same studien anslår at Brasil gjekk glipp av 9 milliardar dollar i ikkje-innbetalt skatt i 2015, i Sør-Afrika var talet 6 milliardar dollar.60 Låg- og mellominntektsland tapar mindre enn OECD-land på denne utviklinga, men konsekvensane blir større likevel, sidan desse pengane utgjer ein større andel av desse landa sine inntekter.61

Som tilretteleggjarar for denne utviklinga står mellom anna multinasjonale selskap som bidrar med skatterådgiving, advokattenester og formueforvaltning. Dei legg for eksempel til rette for at det kan bli sett opp skalselskap eller anonyme bankkontoar i skatteparadis.62

FN-konferansen om handel og utvikling (UNCTAD) har nyleg utvikla eit verkty for å kartlegge ulike former for ulovleg kapitalflyt, for å få meir oversikt over den delen av problematikken som handlar om dei ulovlege pengestraumane. Meir data og statistikk må på plass for å lukkast for å handtere dette.

Korrupsjon og skatteparadisproblemet heng saman

Korrupsjon er ein drivar for ulikheit og tett knytt til problematikken rundt skatteparadis. Transparency International definerer korrupsjon som "misbruk av makt i overordna stillingar for personleg gevinst".64

Det er vanskeleg å finne gode tal på kor store beløp som forsvinn til korrupsjon i løpet av eit år, men det er semje om at det er snakk om vesentlege beløp. Låginntektsland er særleg utsett65.

Store multinasjonale selskap er ein del av problemet ved at dei ikkje er opne om kor mykje dei betaler i skatt i land dei opererer i. Det kan senke terskelen for å ta del i korrupsjon. Organisasjonen Transparency International gjennomførte ei undersøking etter dokumentlekkasjen Panama Papers i 2016 og fann ut at 72 av 100 leiande multinasjonale selskap i framvaksande økonomiar ikkje opplyser om kor mykje skatt dei betaler i utlandet. Dei peikar på at dette gir auka risiko for korrupsjon, og at meir openheit vil bidra førebyggande.66

Korrupsjon flyttar pengar frå føremålet dei eigentleg skulle til. Samtidig går det ut over tillit, effektiviteten til offentlege styresmakter og rettstryggleiken i eit land. Det undergrev demokratiske avgjerder og kan gi ustabilitet i eit samfunn. Det kan fort bli eit hinder for investeringar.

Hemmeleghald, særleg rundt eigarskapsstrukturar, gjer det langt meir mogleg å drive med korrupsjon, fordi ein kan skjule pengestraumane. Får ein redusert høva til å gøyme bort pengar i skatteparadis, ville det vore vanskelegare å drive korrupsjon i same omfang som i dag.

Sjå forslag til tiltak for ein meir rettferdig skattepolitikk i kapittel 5.1

Gjeld hindrar utvikling

Gjeld er ein drivar for ulikheit. Mange låginntektsland har stor gjeld til andre land og til private utlånarar. Det finn no stad ei gjeldskrise som starta før pandemien, men som blei forverra av at den kom.Mange utviklingsland måtte ta opp meir lån for å finansiere sin respons på krisa, og det gjorde situasjonen verre.67

Lån treng ikkje vere eit problem i seg sjølv, men når nivået på låna blir for store, blir det problematisk og rammar innbyggarane i desse landa, mellom anna gjennom kutt i velferd. Det går ut over låginntektslands høve til å nå berekraftsmåla og deira høve til å svare når nye kriser skjer, for eksempel på grunn av klima eller økonomi, på grunn av mangel på likviditet, og det kan få både myndigheiter og investorar til å tenkje meir kortsiktig når dei skal ta politiske val og gjere investeringar.69 Då trengst det tilrettelegging for å reforhandle avtalar og gjere gjeldsnivået handterbart.

Nivået på lån gjekk opp også før pandemien. I Afrika sør for Sahara gjekk for eksempel gjeldsnivået opp med 27 prosent av BNP i snitt mellom 2011 og 201970 Tabellen under er basert på data frå Verdsbanken71 og illustrerer auka i statleg og privat gjeld frå dei siste tiåra. Den viser også at mykje av gjeldsveksten har vore til private utlånarar. Blant landa som låner ut pengar, har det særleg vore ei vekst i kinesiske lån.

Korona førte til den største gjeldsveksten på ett år siden andre verdenskrig

Verdsbanken72 har tal på ekstern gjeld som viser at i 2023 og 2024 er innbetalingane til gjeld fordelt på denne måten:

  1. 46 prosent går til private utlånarar
  2. 30 prosent går til multilaterale institusjonar
  3. 12 prosent er til kinesiske offentelege og private utlånarar
  4. 12 prosent er til andre land.

Ulike aktørar tar utgangspunkt i ulike definisjonar når dei vurderer kor mange land som er gjeldsbelasta. UNDP skriv i ein rapport om problematikken, at 54 utviklingsland har alvorlege gjeldsproblem. I desse landa bur over halvparten av dei ekstremt fattige i verda. Og over halvparten av landa som er mest utsett for konsekvensane av klimaendringane er blant desse.73

Den tyske organisasjonen Erlassjahr, som jobbar med denne problematikken, har ein opnare definisjon av kva som er ein problematisk gjeldssituasjon enn UNDP vurderer det som at 135 av 148 land i det globale sør er det ein kan kalle «kritisk gjeldsbelasta».74 39 land er «særleg kritisk gjeldsbelasta», meir enn tre gongar så mange som før pandemien.

Gjelda har klare konsekvensar for velferda. I 2021 var det 83 låg- og mellominntektsland som kutta i offentlege utgifter for å betale gjeld.75 Dei fattigaste landa brukte i 2021 fire gongar så mykje på å betale gjeld som dei brukte på helsevesenet.Og76 ein tredel av dei fattigaste landa i verda bruker meir pengar på gjeld enn på barns utdaning.77

Dei fattigaste landa brukte i 2021 fire gongar så mykje på å betale gjeld som dei brukte på helsevesenet (Oxfam 2022).

Gjeld påverkar også land som er ekstra utsett for klimaendringar. Klimaendringar har allereie bidratt til auka gjeld for desse landa. 20 land som er særleg utsett for klimaendringar har gått saman og kallar seg «Vulnerable group of twenty» (V20). I ein uttalelse frå 2021 viste dei til at for kvar tiande dollar dei betaler i gjeld, må dei betale ein ekstra dollar i gjeld som følgje av at dei er særleg utsett for klimaendringar. Dei føreslo eit bytte – reduksjon av gjeld til særleg klimautsette land mot at dei bruker dei same pengane på tiltak i møte med klimaendringane.78

I samband med pandemien innførte G20-landa eit såkalla moratorium for gjeldsinnbetaling, men dette tiltaket traff ikkje alle land. Over halvparten av dei 39 landa som er har særleg kritisk høgt gjeldsnivå er utanfor G20-landas tiltak for gjeldslette.

Akkurat no foregår det prosessar knytt til dette mellom dei internasjonale finansinstitusjonane, G20 og utvalde private kreditorar, bilaterale kreditorar og debitorar under namnet Global Sovereign Debt Roundtable og G20 Common Framework for Debt Treatments. Desse initiativa har fått kritikk for å vere for lukka, basert på interessene til dei rikaste landa og for lite ambisiøst til å kunne gjere det som skal til for å møte den aukande gjelda i mange låg- og mellominntektsland. Det gjenstår å sjå om dette vil bidra til framsteg for den multilaterale statlege gjeldsarkitekturen.

Sjå forslag til tiltak for ein oppdatert gjeldspolitikk i kapittel 5.2.

Uformelt arbeid og svake vilkår for fagforeningar

Arbeidsliv er knytt til ulikheit på ei rekke måtar. Arbeid gir fast inntekt, og høg sysselsetting betyr at mange er økonomisk sikra. Noreg bidrar i dag til arbeidsplassar i låg- og mellominntektsland på ei rekke vis, mellom anna gjennom norskeigde selskap og investeringar frå Norfund.

Arbeid speler ei nykkelrolle i å bekjempe ulikheit, men det er likevel ikkje alltid gitt at arbeid sikrar ei inntekt over fattigdomsgrensa. Det har mykje å seie korleis arbeidet er organisert, kor høgt lønnsnivået er og om ein har ei fagforeining på jobben.

I mange land, og særleg i låg- og mellominntektsland, er store delar av arbeidslivet organisert i uformell sektor. Det betyr at det ikkje er registrert hjå myndigheitene, og at arbeidet pågår papirlaust, og omgår skatt og regulering.80

I 2019 var 60 prosent av jobbane i verda i uformell sektor. I Afrika er kun om lag 5 prosent av arbeidstakarane i formell sektor.81 Mange av dei som er utanfor formell sektor jobbar i primærnæringane. Andre jobbar i ein meir svart økonomi, der organiseringa av arbeidet er innretta for å unngå å betale skatt og vere unntatt den formelle økonomien.

Mange mista jobben under pandemien, særleg kvinner, ungdom og personar med funksjonsnedsettingar.82 Arbeidstakarar i uformell sektor mista i større grad enn andre jobben, og i Latin-Amerika var det dobbelt så stor sjanse for å miste jobben i uformell sektor samanlikna med formell sektor. I etterkant av pandemien har også ein vesentleg del av jobbveksten skjedd i uformell sektor, i Latin-Amerika har heile 70 prosent av netto jobbvekst funne stad her.83

Uformelt arbeid går ut over arbeidstakarars rettar, helse, miljø og tryggleik. Samtidig er det ikkje berre arbeidsvilkåra til den enkelte som blir påverka av om arbeidet er formelt eller ei. For den overordna økonomien i eit land er det også ei utfordring med stor uformell sektor, mellom anna på grunn av at mykje av arbeid skjer i små einingar, og at det gjer det vanskeleg å bygge eit grunnlag for eksport.84 Meir formelt arbeid er viktig for å sikre ryddigare arbeidsvilkår, eit større skattegrunnlag og større grad av omfordeling.

I 2019 var 60 prosent av jobbane i verda i uformell sektor.

Fagforeiningar er også sentrale i spørsmål om ulikheit. Går organiseringsgraden ned, er det større sjanse for at ulikheita aukar. Forsking viser at det er ein samanheng mellom redusert organisasjonsgrad og auka inntektsandelar for dei rikaste.Samtidig85 viser ei anna studie at meir regulering av arbeidslivet, i form av fagrørsle, minstelønn og sosiale velferdsordningar, ut til å bidra positivt til omfordeling.86

Kvart år lager International Trade Union Confederation ein indeks over tilstanden for faglege rettar i verda. I sin siste rapport viser dei at 113 land hadde forbydd arbeidstakarar å organisere seg, ei auke på sju land sidan 2021. Afghanistan, Myanmar, Syria og Tunisia var nokre av dei nye landa på lista. Det var også ei auke i talet på land der arbeidstakarar var utsett for fysisk vald.87

Talet på land som hindra oppretting av fagforeiningar gjekk opp frå 59 prosent av alle land i 2014 til 74 prosent i 2022.88

Andre utfordringar for fagrørsle i ulike land kan vere kontroll frå styresmaktene, svak økonomi og mangelfull organisering. Samtidig kan dei møte ei arbeidsgivarside, særleg i store multinasjonale selskap, som har store ressursar og i praksis mykje makt i samarbeidet.89 Mange er også kritiske til arbeidstakarorganisering.

Digitalisering av arbeidslivet endrar også samansetninga av arbeidslivet, som gir moglegheiter, men også gir nye utfordringar for organisering.

Det er også store utfordringar med barnearbeid, tvangsarbeid og slaveriliknande tilstandar. I 2020 var det 8,4 millionar fleire barn som var i arbeid enn i 2016, 160 millionar barn totalt i verda90

Noreg påverkar arbeidslivet i andre land på ei rekke område. Noregs handelsavtaler med andre land påverkar arbeidsvilkåra i landa me handlar med. Vår lovgiving påverkar korleis norske selskap opererer i utlandet. Norske statlege selskap påverkar også arbeidsvilkår gjennom måten dei opererer på. Aktørar som oljefondet og Norfund investerer også store verdiar i andre land og påverkar på den måten korleis arbeidslivet blir organisert der.

Sjå forslag til tiltak for å styrke rettane til arbeidstakarar i kapittel 5.3.

Færre demokrati enn før, autoritære krefter veks fram

Ein viktig lærdom frå utviklinga av den nordiske samfunnsmodellen, kjenneteikna av omfordeling og små forskjellar, er kor tett denne har vore knytt til demokrati. Sosiale rørsler har jobba for omfordeling, velferd og sosiale rettar. Dette har bidratt til høgare produktivitet og deltaking i arbeidslivet.91

No er det stadig tøffare vilkår for demokrati i verda. Me ser ein framvekst av autoritære leiarar, og myndigheiter over heile verda brukte pandemien som grunngiving for å stramme inn på menneskerettar.92 I 2022 var det berre 3,2 prosent av befolkninga i verda som budde i land der sivilsamfunnet får operere fritt, i følgje Civicus Monitor, som følger med på utviklinga globalt. Dette er ein del av ein nedgåande trend, med ein stadig synkande andel som opererer heilt fritt. I 2023 var det 117 av 197 som hadde alvorlege manglar på grunnleggande rettar.93

2 milliardar menneske lever i land som blir kategorisert som «lukka», der ein kan hamne i fengsel eller bli trua eller drepen for å seie meininga si høgt. Afghanistan, Hong Kong, Myanmar, Russland og Tajikistan var dei nye landa som havna i denne kategorien i 2022.94

Medlemsorganisasjonar og folkelege rørsler er sentrale i å utfordre eksisterande maktstrukturar i land.95 Dei kan overvåke, begrense og hindre statleg maktmisbruk, og dei jobbar for å sikre demokratiske rettar. Denne formen for sivilsamfunner difor også ekstra utsett under autoritære regime, samtidige som dei er sentrale i politiske prosessar for meir demokrati og fordeling.

Ein ser at både klima- og naturaktivistar96 og andre former for politiske aktivistar i mange land er i stor fare på grunn av sin innsats. FNs spesialrapportør på situasjonen til menneskerettsforsvarararga i desember 2021 ut ein rapport som dokumenterte alvoret for mange av desse aktivistane. I fleire land har det vore innstrammingar i regelverket dei siste åra som har gjort vilkåra langt vanskelegare for aktivistar mot korrupsjon.97 Fleire hundre aktivistar mistar for eksempel livet kvart år som følgje av sitt arbeid for menneskerettar med ikkje-valdelege verkemiddel.98 Aktivistar i fagrørsler blir også ramma av denne typen innskrenkingar av det demokratiske handlingsrommet.

Økonomisk konsentrert makt kan bidra til å konsolidere autoritær politisk makt og på den måten hindre politisk endring og folkeleg deltaking.99 Sivilsamfunnet er ei viktig motvekt til dette. Å styrke demokratiske rettar, menneskerettar, vilkår for medlemsorganisasjonar og sivilsamfunnet vil difor vere sentralt for å styrke demokratiet og veljaranes høve til å bytte ut sine leiarar ved val.

Eit fritt sivilsamfunn, der det er organisasjonsfridom, ytringsfridom, fagrørsle, levande medlemsorganisasjonar og fri presse, vil vere sentralt for å lukkast med større grad av omfordeling.

Ein studie har sett på kva som kjenneteiknar land som har blitt meir demokratiske etter autoritært styre. Den viste at dei institusjonaliserte statlege kontrollfunksjonane raskare blei kontrollert og tatt ned av autoritære leiarar enn eit fritt sivilsamfunn. Ei fri presse, medlemsorganisasjonar, fagrørsle og andre sivilsamfunnsaktørar viste seg å vere ei sterkare motsandskraft i møte med autoritære regime, og sentrale i prosessen for å gjere landa meir demokratiske igjen.100

Eit fritt sivilsamfunn, der det er organisasjonsfridom, ytringsfridom, fagrørsle, levande medlemsorganisasjonar og fri presse, vil kunne vere sentralt for å lukkast med større grad av omfordeling.

Sosiale rørsler og politiske parti kan flytte makt og bidra til omfordeling. Dei kan identifisere og peike på urett, og føreslå tiltak, for eksempel i møte med store utbyggingar av industri eller kraftproduksjon. Det betyr ikkje alltid at dei vil få fullt gjennomslag, men dei kan bidra til meir bevisstheit hjå politikarar og selskap, nye retningsliner eller kompenserande tiltak. Difor bør ein utviklingspolitikk for redusert ulikheit også stø opp om rett til politisk organisering og demokratirørsler og bidra til gode levekår for presse, fagrørsle og medlemsbaserte organisasjonar.

Sjå forslag til tiltak for styrka demokrati i kapittel 5.4.

Klimaendringane rammar ulikt

Klimaendringane er i gong, og vi har begynt å sjå konsekvensane. Det er allereie tydeleg at det er dei aller fattigaste i verda som blir hardast ramma.

Samtidig bidrar dei rikaste til langt større utslepp enn resten. Ein milliardær slepp ut ein million gongar meir karbon enn ein gjennomsnittleg borgar.101 I 2019 slapp den øvste tiprosenten ut 48 prosent av verdas klimagassar, mens den nedste 50-prosenten slapp ut 12 prosent. Ulikheitene i karbonutslepp ser ut til å vere større internt i land, enn mellom land.102

Samtidig er det store forskjellar i ulike grupper sin økonomiske evne til å gjere investeringane som må til for å tilpasse seg klimaendringane. Det er ein sterk samanheng mellom sosioøkonomisk situasjon og sårbarheit i møte med global oppvarming.103 Grafen under er henta frå rapporten Climate Inequality Report 2023104 og illustrerer tre nivå av ulikheit kopla til klimaendringane – dei ti prosentane har høgare utslepp av klimagassar, har mindre relative tap og har langt større kapasitet til å finansiere tiltak for klimatilpassing enn dei femti prosentane med minst pengar.

Tre søyler som viser karbonulikhet

I låginntektsland er det eit særleg stort behov for investeringar i klimatilpassing. I dag bruker dei berre 7-15 prosent av det beløpet som det er berekna at dei vil måtte bruke på klimatilpassing.105 Eit sentralt spørsmål framover er korleis ein skal finansiere alle tiltaka som må på plass for å møte klimaendringane.

Det er viktig korleis desse investeringane blir innretta. Store grøne prosjekt kan auke ulikheit i land med svake styresett, beslaglegge store areal og med det påverke lokalsamfunn, natur og urfolk negativt. Det er difor avgjerande å ha god styring på korleis grøne prosjekt er utforma. Ein må gjennomføre aktsamheitsvurderingar før investeringar, som sikrar menneskerettar, anstendig arbeid, natur og urfolksrettar.

Sjå forslag til klimatiltak i kapittel 5.5.

Svake velferdstilbod

Offentleg velferd er eit viktig verkemiddel for omfordeling. I land utan ein skikkeleg velferdsstat blir innbyggarane langt meir sårbare når kriser skjer. Eit eksempel er kva slags ytelsar folk fekk frå staten då dei mista jobben som følgje av pandemien. I høginntektsland fekk over halvparten av dei arbeidsledige kontantutbetalingar, mens berre éin prosent i låginntektsland fekk det same.106

Dette reflekterer at ulike land har særs ulike sosiale sikringssystem. I følgje den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen ILO var det i 2020 berre 46,9 prosent av befolkninga på jorda som hadde tilgang på minst ei velferdsordning basert på kontantytelsar, som barnetrygd, foreldrepengar og arbeidsledigheitstrygd. Under dette snittet ligg det store globale forskjellar. I Afrika var det 17,4 prosent som hadde tilgang på ei slik ordning, mens talet for Europa og Sentral-Asia var 83,9 prosent.107

FNs verdserklæring, som kom i 1948, slår fast at alle menneske har rett på utdaning, mat, vatn og helse. Arbeidet med FNs tusenårsmål har bidratt til at langt fleire får oppfylt desse rettane i dag enn før, mellom anna gjennom utbygging av velferdstilbod. Likevel er det langt igjen før alle har sikra desse rettane.108

Studerer ein framveksten av land med omfattande velferdstilbod i dag, ser ein at dei sosiale ordningane har kome parallelt med økonomisk vekst. Dei har altså ikkje blitt rike fyrst, og så fordelt verdiane etterpå.109 Deling og verdiskaping har skjedd samtiding. Gjennom progressive skattar hadde ein råd til å bygge ut omfattande velferdstilbod innan helse og utdaning i mange land.110

Skal ein lukkast med omfordeling, er det viktig at auka skatteinntekter går til styrka velferdstenester for alle. I ein del land skjer no utbygging av velferdstenester via kommersielle aktørar. Det fører med seg ei rekke utfordringar, og kan forsterke sosial ulikheit, for eksempel ved skular som krevjer skulepengar eller ved at dei kommersielle aktørane ikkje gir innsyn i korleis dei har brukt offentlege tilskot.111 Ved organisering av velferd gjennom offentlege tilbod kan ein i større grad sikre at ordningane blir gratis og tilgjengelege for alle, og ein hindrar at offentlege velferdsordningar blir inntektskjelder for kommersielle aktørar.

Kontantoverføringar i bistanden som tiltak

Det siste tiåret har det skjedd ei endring i utviklingspolitikken, med fleire positive erfaringar frå bruken av kontantoverføringar som verkemiddel112

Denne forma for direkte pengestøtte kan for eksempel bidra til at barn som går på skule får meir og meir næringsrik mat heime, og på den måten kan få meir læring ut av tida hen er på skulen. Sosiale tryggingsnett og kontantoverføringar kan bidra positivt både når det gjeld fattigdom, svalt, helse og skuletilbod. Samtidig ser ikkje denne typen stønader ut til å ha negative effekt på arbeidsdeltaking i låg- og mellominntektsland.113

Dersom ein skal bruke kontantoverføringar som verkemiddel, må ein ta stilling til om desse skal følgje med nokre krav, og om dei skal vere universelle eller målretta. Utfordringa med målretta tiltak er at dei krev at det følger med eit byråkrati som sørger for at tiltaka når fram til gruppene dei skal nå. Ofte er det mest effektivt og ubyråkratisk med universelle ordningar.

Kontantstønadene kan vere ein effektiv måte å fordele ressursar på. Samtidig er det viktig at desse ordningane er organisert på eit vis som stør opp om den offentlege velferdsstaten, der det er mogleg, og i alle fall ikkje undergrev den. Stønadene bør evaluerast jamnleg for å sikre at dei bidreg positivt, og bli sett i samanheng med andre grep for omfordeling og forsterka velferdsstat. 

Sjå forslag til tiltak for forsterka velferdspolitikk i kapittel 5.6

Korleis utviklingspolitikken kan bidra til mindre ulikheit

Regjeringa har erklært at det å jobbe mot ulikheit er ei prioritert oppgåve for dei i denne stortingsperioden.

Regjeringa skriv i Hurdalsplattforma115 at regjeringa skal:

«bekjempe ulikhet. Hovedveien ut av fattigdom går gjennom bærekraftig økonomisk vekst, jobbskaping, et velorganisert arbeidsliv og rettferdig fordeling. Et velfungerende skattesystem og en god offentlig sektor kan levere helse, utdanning og velferd.»

I dette kapittelet blir det presentert ei rekke tiltak den norske regjeringa kan gjennomføre for å bidra til redusert ulikheit. Nokre handlar om å auke konkrete postar på statsbudsjettet, andre handlar om meir strukturelle grep – for eksempel ved at Noreg kan ta ei konkret pådrivarrolle for tiltak som bidrar til redusert ulikheit internasjonalt. Noko av det handlar om å vidareføre politikk regjeringa allereie fører, noko handlar om å forsterke innsatsen og noko handlar om å gjere ting annleis enn i dag.

Det er ikkje alle tiltak på denne lista som ein kan dokumentere at har gitt ein målbar effekt, i form av redusert ulikheit. Å stø opp om menneskerettar, openheit og demokrati vil for eksempel vere viktig for å lukkast, utan at det nødvendigvis vil kunne gi en direkte målbar effekt på ulikheita i eit land. Til det er samanhengane, og dei ulike drivkreftene, for komplekse.

No er sterke drivkrefter i verda som trekk i retning av aukande ulikheit. Dette betyr at Noreg kan bidra til at veksten i ulikheit blir mindre enn han hadde vore elles, og at det også vil kunne vere viktig, sjølv dersom pilane skulle fortsetje å peike i retning av aukande ulikheit i åra som kjem.

Noreg kan spele ei sentral rolle ved å gå føre og inspirere andre land til å gjennomføre liknande politikk. Dette vil også kunne gi resultat utover det som kan målast direkte som følgje av norsk utviklingspolitikk.

Regjeringa bør lage ei ny stortingsmelding om ulikheit i utviklingspolitikken.

Skal regjeringa lukkast med ambisjonen om å bekjempe ulikheit, bør heile den norske utviklingspolitikken bli gjennomgått og vurdert i lys av om korleis den bidrar og korleis den kan bidra betre til redusert ulikheit. Ei ny stortingsmelding om ulikheit i utviklingspolitikken er eit relevant tiltak for å få til det.

Våren 2013 ga den raudgrøne regjeringa ut stortingsmeldinga «Dele for å skape»,116 som var ein grundig gjennomgang av ulike verkemiddel i utviklingspolitikken som kan bidra til redusert ulikheit. Dette arbeidet bør bli oppdatert og fornya, for å stake kurs mot kva verkemiddel som treff best i vår tid.

Ei slik stortingsmelding bør også gå gjennom Noregs rolle i utviklingspolitikken, og evaluere korleis Noreg påverkar ulikheit i verda gjennom bistand, deltaking i internasjonale organisasjonar, handelspolitikken og statleg eigarskap, for å nemne noko.

Det er ei rekke internasjonale organisasjonar som er viktige i arbeidet for å redusere ulikheit. FN, Verdsbanken og IMF er nokre av dei. Eit anna eksempel er FNs økonomiske kommisjon for Latin-Amerika (ECLAC), som jobbar for å redusere ulikheit og redusere fattigdom i Latin-Amerika. Dei jobbar for betre regulering av arbeidsmarknaden, for eksempel gjennom system for kollektive forhandlingar, og for skattepolitikk, som kan bidra til meir fordeling.

Ei stortingsmelding bør sjå på korleis norsk bistand til denne typen organisasjonar bidrar til redusert ulikheit og vurdere om nokre av dei bør få meir stønad, eller om Noreg kan ta andre initiativ der for å gjere ein forskjell.

Ei stortingsmelding bør også sjå på omfanget av bilateralt stat-til-stat-samarbeid. Her kan det ligge potensiale til å få til meir samarbeid med direkte konsekvensar for omfanget av ulikheit. Bilateralt stat-til-stat-samarbeid kan også vris til å i større grad stø opp om land som viser interesse for å gå i meir demokratisk utvikling og mindre forskjellar. Ved å legge vurdering av dette til grunn som ein av fleire faktorar ein vurderer når ein gir bistand, kan bistanden dra meir i same retning.117

Ein overordna ambisjon bør vere at den norske utanrikspolitikken er samstemt – at den bidrar koordinert i same retning mot redusert ulikheit. Noregs utviklingspolitikk er ikkje bistandsbudsjettet åleine. Det er den samla effekten av den norske politikken overordna sett.

Eit eksempel er koplinga mellom inntekter frå oljeaktivitet i utviklingsland sett opp mot bistand. Det er anslått at Equinor har tent over 100 milliardar på oljeaktivitet i Angola sidan 2005, noko som er om lag same beløp som Noreg har gitt i bistand til Afrika i same periode.118 Ein samstemt utviklingspolitikk bør sjå desse tinga i samanheng, og sørge for at norske investeringar og næringsverksemd i låg- og mellominntektsland drar i same retning, og stør opp om, og i alle fall ikkje undergraver, dei overordna måla for norsk utviklingspolitikk. Ei ny stortingsmelding om korleis norsk utviklingspolitikk kan bidra til å redusere ulikheit i verda kan bidra til det.

I 2018 kom ein rapport som såg på om norsk utviklingspolitikk er samstemt. Prio og FAFO såg særleg på perioden frå 2008 til 2017. Her fann dei fleire konkrete dilemma for Noreg og fremja ein rekke forslag til korleis utviklingspolitikken kunne bli meir samstemt.

Oppsummering av tiltak

Regjeringa bør:

  • Lage ei oppdatert stortingsmelding om korleis Noreg kan bekjempe ulikheit i verda.
  • Jobbe for at Noreg fører ein samstemt utviklingspolitikk for redusert ulikheit.

Skatt for omfordeling

Pengar til omfordelande skatt er rettferdig pengebruk

Det er store potensiale for å få til meir av det som ofte blir kalla innanlands ressursmobilisering i låg- og mellominntektsland. Det kan handle om auka og meir progressive skattar, betre statistikkgrunnlag, eit sterkare byråkrati, tiltak mot skatteflukt og grep for å gjere eksisterande skattesystem betre på å samle inn skatt som det allereie er vedtatt at skal samlast inn.Det kan også vere å setje i verk sterkare tiltak mot korrupsjon, for å styrke borgaranes tillit til at styresmaktene bruker pengar på ein god måte.

Meir innanlands ressursmobilisering må til for å sikre finansieringa av investeringane som må på plass innanfor helse, utdaning, velferd og klima i åra som kjem. Elles blir det vanskeleg og usannsynleg å nå berekraftsmåla.

Det er ei global utfordring med for lite oversikt over fordelinga av pengar. Det får konsekvensar for demokratiet. Noreg bør legge til rette for at alle land rapporterer ope om ulikheit i sitt land.

Noreg har forplikta seg internasjonalt til å bruke bistandspolitikken til å bekjempe ulikheit, gjennom Addis Tax Initative (ATI), som er eit internasjonalt samarbeid for ressursmobilisering. Dei nordiske landa lova i 2015 å auke det tekniske samarbeidet innan skatteinnhenting, hente meir pengar til utvikling og sørge for ein samstemt utviklingspolitikk. I november 2020 har Noreg utvida og konkretisert sine plikter på området innan 2025.119

Noreg har sidan 2011 hatt programmet Skatt for utvikling, som ligg under Kunnskapsbanken i Norad, og jobba bilateralt med ei rekke land gjennom dette programmet.120 I 2021 gjennomførte Noreg gjennom programmet Kapasitetsbygging av skatteadministrasjonar i over 70 land, gjennom samarbeid med multilaterale organisasjonar, og det blei gitt støtte til tolv organisasjonar innafor sivilsamfunnet som jobbar med skatt.121

Skatt for utvikling er eit vellukka program, der ein kan sjå stor effekt av kvar løyva krone til programmet i form av auka skatteinntekter i landa Norad samarbeider med. OECD har undersøkingar som tyder på at éi krone til skattebistand kan gi mellom 50 og 100 kroner i auka skatteinntekter. Norad skriv på sine heimesider at Noreg har liknande resultat frå sitt arbeid i Zambia og Tanzania.122

Kunnskapsbanken har også andre program som bidrar til same mål, som betre statistikk og system for skatt, gjennom Digitalisering for utvikling og Statistikk- og registersamarbeid.

OECD har undersøkingar som tyder på at éi krone til skattebistand kan gi mellom 50 og 100 kroner i auka skatteinntekter.

I statsbudsjettet for 2022 brukte Norge 340 mill. kroner på skatterelatert bistand.123 I sitt forslag til statsbudsjett for 2023 føreslo regjeringa å bruke mindre pengar på skatt på utvikling. I budsjettforhandlingane på Stortinget blei løyva til Kunnskapsbanken auka med 60 millionar, der 20 av dei var øyremerka Skatt for utvikling124

Kunnskapsbanken generelt og Skatt for utvikling spesielt bør aukast. Samtidig er det grenser for kor mykje dette programmet har kapasitet til å vakse raskt, mellom anna fordi det vil vere avhengig av tilstrekkeleg med tilsette med kompetanse innanfor skatt og revisjon for å kunne auke kapasiteten. Det bør bli iverksett tiltak for at fleire kan få denne kompetansen i åra som kjem.

Det er rom for å auke løyva til andre former for skatterelatert bistand. Dei kan gå til multilateralt og regionalt arbeid for meir effektiv skatteinnhenting. Noreg har også hatt for vane å gi bistandspengar til aktørar i sivilsamfunnet som jobbar for meir rettferdig skattepolitikk.125

Noreg kan også gi auka økonomisk støtte til FNs ekspertkomité for skatt. Her er Noreg allereie den største givaren.126

Ein vesentleg del av den nordiske skattebistanden har gått via multilaterale organisasjonar dei siste åra, og særleg gjennom IMF og Verdsbanken. Det er viktig at norske styresmakter følger denne pengebruken tett og vurderer om dei bidrar til å nå måla med skattebistanden127

Oppsummering av tiltak:

Regjeringa bør:

  • Følgje opp Noregs plikter under Addis Tax Initiative (ATI).
  • Vri meir av utviklingsbudsjettet til tiltak for progressive skattesystem.

Internasjonalt krafttak for rettferdig skatt

Skatteproblematikken kan ikkje løysast av enkeltland åleine, men gjennom samarbeid på tvers. Dei siste åra har det skjedd vesentlege skritt for å få på plass ein internasjonal selskapsskatt, i regi av OECD.

OECD-landa har blitt einige om ein todelt avtale. I del ein har dei avtalt kva land som skal kunne skattlegge eit multinasjonalt selskap. Dette blir kalla pilar ein, og den gjeld berre veldig store selskap med romsleg driftsmargin (10 prosent). I praksis er det under 70 selskap som vil få skatt av dette systemet, og selskap som Amazon vil ikkje kome inn under ordninga fordi dei har for låg driftsmargin. Desse selskapa skal betale 25 prosent av sin superprofitt i skatt.128

I pilar to er dei einige om eit minimumsnivå på selskapsskattesatsane. Her er dei einige om eit nivå på minst 15 prosent. Dette er eit steg i retning mot eit felles golv, men for land som har selskapsskatt på høgare nivå, vil det stadig kunne gi eit press mot lågare skattar. Fleire låg- og mellominntektsland har i dag nivå på selskapsskattane på 30 prosent. For desse vil det framleis vere stor risiko for at selskap flyttar ut for å få lågare skatt.129

Når det gjeld fordelinga av inntektene, vil mest gå til landa der hovudkontora ligg, og mindre til landa der produksjonen skjer. Dette vil vere meir lønnsamt for dei rikaste landa enn for låg- og mellominntektsland.130 Skatten som er del av pilar to skal innførast i 2024.

Mange har kritisert prosessen i OECD for å kome dei rikaste landa mest til gode. Dei har tatt til orde for at prosessen bør skje i FN, der alle land kan bidra i større grad, der det er meir openheit og ein kan få innretningar på skattane som bidrar meir til global omfordeling.131 30 organisasjonar i Noreg har tatt til orde for det same og gått inn for en skattekonvensjon i FN.132 Regjeringa skriv også i Hurdalsplattforma at dei vil jobbe for ein internasjonal konvensjon for økonomisk openheit, men det er ikkje presisert om dei meiner den skal ligge under FN.

I november 2022 vedtok FN einstemmig å innleie drøftingar om eit nytt instrument eller rammeverk for internasjonalt skattesamarbeid, etter forslag frå Den afrikanske union. Fleire land og eit samla sivilsamfunn har tatt til orde for at eit slikt instrument eller rammeverk må vere ein skattekonvensjon. Framover vil det vere diskusjonar knytt til vegen vidare for å etablere ein slik konvensjon.

Noreg bør ta ei leiarrolle i internasjonale organisasjonar for å gjere skattesystema i verda meir rettferdige.

I etterkant av FN-resolusjonen hausten 2022 om å jobbe for ein skattekonvensjon, har FNs generalsekretær bedt om innspel til kva ein skattekonvensjon bør innehalde. Her valte Noreg å ikkje kome med formelle høyringssvar,133 men utviklingsministeren svarte på spørsmål frå Stortinget at Noreg hadde meldt inn sine innspel via andre kanalar, mellom anna gjennom fleire møte.134

Noreg bør ta ei leiarrolle i internasjonale organisasjonar for å gjere skattesystema i verda meir rettferdige. I dette bør det ligge at Noreg kan jobbe for framdrift i prosessen i FN for ein internasjonal skattekonvensjon, og for utfall som kjem låg- og mellominntektsland meir til gode. I dette ligg det også at skattesystema som er føreslått har relativt store smutthol, og her kan Noreg jobbe for at dei blir tetta.

Så langt har regjeringa tatt initiativ til å legge til rette for og leie prosessar om skatt og kampen mot ulovleg kapitalflyt inn mot den neste globale konferansen om finansiering for utvikling i 2025.135

Noreg kan ta til orde for at minstenivået på den globale selskapsskatten bør ligge på høgare enn dagens 15 prosent. I Spania, Tyskland og Storbritannia (sistnemnte frå 2023) har ein sats på 25 prosent sin selskapsskatt. Andre har enno høgare nivå på selskapsskatten, og land som USA, Japan og Italia har ein sats på mellom 28 og 31,5 prosent.136 ICRICT,137 som er ein koalisjon av fagrørsle og sivilsamfunn som jobbar for rettferdig skattlegging globalt, har argumentert for eit nivå på 25 prosent.138

Noreg bør ta ei leiarrolle i internasjonale organisasjonar for å gjere skattesystema i verda meir rettferdige.

Ei overordna utfordring er at det internasjonale arbeidet stadig går sakte, og sentrale land er ikkje særleg positive til forslag som kan bidra til meir rettferdig skattlegging. Endeleg semje og innføring av internasjonal selskapsskatt på store selskap kan ta lang tid. I mellomtida bør enkeltland bruke høvet til å innføre nasjonale skattar på teknologiselskap.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa skal jobbe for ein konvensjon for økonomisk openheit, men det er ikkje spesifisert om denne skal vere under FN. Det står også i Hurdalsplattforma at regjeringa vil gjennomføre nasjonale tiltak om det internasjonale arbeidet går sakte. Dette bør no få fortgang, sidan det internasjonale arbeidet drar ut i tid.

Regjeringas skatteutval139 hadde i oppgåve å utforske det norske handlingsrommet for å skattlegge teknologiselskap. Denne delen av utvalets mandat blei ikkje skikkeleg svart ut i utredninga dei leverte. Dette bør bli følgt opp raskt av regjeringa framover, ved at regjeringa sjølv bruker eige embetsverk eller sett ned ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe for å undersøke dette.

I den internasjonale skattedebatten har fleire aktørar føreslått fleire nye globale skattar. Oxfam har føreslått ein global skatt på dei rikaste i verda. Om ein innførte ein skatt på 2 prosent til alle dollarmillionærar, 3 prosent på alle med verdiar over 50 millionar og 5 prosent på alle milliardærar i verda, hadde ein fått 1,7 trillionar dollar i året. Det kunne løfta 2 milliardar menneske ut av fattigdom.140 World Inequality Lab har også lagt fram ei forslag om ein global skatt på mangemillionærar.141 Forslaga illustrerer at skatt på berre nokre få prosent av verdiane til dei aller rikaste i verda kan gjere ein stor forskjell for å mange. Noreg bør vere positiv til å utgreie og lage prosessar for følgje opp slike initiativ for meir rettferdig global skattlegging av dei aller rikaste.

Eit tiltak for å hindre korrupsjon, overskotsflytting og skatteunndraging er land-for-land-rapportering. Det stiller krav til selskapa om å legge fram nøkkeltal som kor mange tilsette dei har, utgifter og skatt for kvart land. Det gir meir oversikt over kor den økonomiske aktiviteten skjer, og om det er samanheng mellom staden der verdiskapinga skjer og der verdiane blir skatta av. Med openheit og gode nok standardarar for land-for-land-rapportering, sanksjonering og handheving kan dette bidra til å redusere overskotsflytting.142

Stortinget vedtok i 2016 at tala frå land-for-land-rapportering skal vere offentlege, men dette vedtaket er enno ikkje tilstrekkeleg følgt opp frå regjeringa. Det er også ei nedre grense, som gjer at berre selskap med omsetning over 6,5 milliardar kroner som treng å rapportere. Denne grensa bør justerast ned. Det er heller ikkje krav om at selskapa må rapportere frå land der dei har støttefunksjonar, som ofte er i skatteparadis. Med justering av desse hola i systema kan land-for-land-rapportering bli langt meir effektivt som verkemiddel.

I februar 2021 kom ein rapport frå eit ekspertpanel, ofte omtalt som FACTI-panelet,143 under FN som såg på korleis verda kunne sikre reglar for finanssektoren som bidrar til at ein når berekraftsmåla innan 2030. Dei slo fast at ulovlege finansstraumar er eit direkte hinder for å nå berekraftsmåla, men at det er store moglegheitar for å styrke menneskerettane og skape eit betre samfunn dersom desse pengane blir henta inn i ordna forhold igjen, gjennom openheit og skattlegging.

Panelet føreslår ein rekke tiltak, der eit av dei er ei global pakt for finansiell integritet som kan bidra til berekraftig utvikling. Dei understrekar kor viktig det er med openheit rundt pengestraumar, og at sivilsamfunn og media treng særleg beskyttelse for å kunne fungere som dei skal. Utover dette føreslår dei at alle land bør ha offentleg tilgjengelege register over kven som er reelle eigarar av aksjar, eigendommar og selskap, rettferdig skattlegging i alle land og globale standardar for yrkesgrupper, som for eksempel konsulentar som jobbar for tilrettelegging for multinasjonale selskap som vil redusere si skatterekning. Tiltaka FACTI-panelet føreslo bør følgast opp av regjeringa.

På område som klasevåpen og atomvåpen har ein sett positive effektar av å arrangere internasjonale konferansar i Noreg. Eit tiltak i eit større arbeid for å bekjempe ulikheit kan vere å ta initiativ til ein internasjonal konferanse om konsekvensar av nedgang i globalt skattenivå og framveksten av skatteparadis.

Oppsummering av tiltak:

Regjeringa bør:

  • Jobbe aktivt internasjonalt i alle relevante fora for eit meir rettferdig skattesystem og tetting av skattehol.
  • Ta til orde for at den internasjonale selskapsskatten får eit høgare minstenivå, helst 25 prosent.
  • Raskt utforske handlingsrommet nasjonalt og innføre tiltak for å skatte dei store teknologiselskapa her i Noreg fram til ei internasjonal løysing er på plass.
  • Utgreie nye forslag for internasjonal skatt på dei aller rikaste, som kan gå til å finansiere berekraftsmåla.
  • Forsterke regelverket for land-for-land-rapportering.
  • Følgje opp tiltaka som er tilrådd av FACTI-panelet, inkludert å arbeide for ein skattekonvensjon i FN.
  • Ta initiativ til ein internasjonal konferanse i Noreg om konsekvensar av nedgang i globalt skattenivå og framveksten av skatteparadis.

Effektiv og regelstyrt gjeldshandtering

Noreg kan stø opp om land som deler eit engasjement for rettferdig gjeldspolitikk. Dei nordiske landa har hatt ein tradisjon for å gå foran for gjeldsslette og gjeldshandtering. Denne tradisjonen bør vidareførast.

Det bør kome på plass betre multilaterale system for å førebygge og løyse statlege gjeldskriser. Noreg kan bidra til politisk press i relevante internasjonale organ, som IMF og Verdsbanken, for at private kreditorar kan bidra substansielt til reduksjon av gjeldsbyrder i pågåande og komande forhandlingar om restrukturering av gjeld. IMF kan stø opp om låg- og mellominntektsland med høg gjeld i forhandlingar med private utlånarar.

I FN bør Noreg jobbe for eit rammeverk for gjeldshandtering som kan løyse gjeldskriser på ein heilskapleg og regelbunden måte. Kirkens Nødhjelp ga i september 2022 ut ein rapport som såg på ti prinsipp for ein mekanisme som eit nordisk initiativ for gjeldshandtering kan bygge på.144

Når det gjeld prosessen i G20, ville det bidra til openheit og fleire perspektiv inn dersom FN kunne få ein plass ved forhandlingsbordet. Det burde Noreg ta til orde for.

Oppsummering av tiltak:

Regjeringa bør:

  • Jobbe internasjonalt og i FN spesielt for å få på plass eit regelbunde og effektivt rammeverk for gjeldshandtering.
  • Jobbe for at FN kan delta i G20-prosessen om gjeldshandtering.
  • Legge til rette for openheit rundt låneavtaler og deira betingelsar.
  • Bidra globalt for å etablere felles prinsipp rundt korleis lån kan skje på ansvarleg vis.

Styrke fagleg samarbeid og anstendig arbeid

For å forsterke det faglege samarbeidet, er det naudsynt å stø opp om fagrørsler i andre land. Det kan skje gjennom bistandsmidlar, men også gjennom å prioritere å stø opp om arbeidstakarrettar og å gi beskyttelse til faglege leiarar frå fagrørsla.

Noreg bør stå opp for anstendige arbeidstakarrettar i alle situasjonar der dette er relevant, både i internasjonale organisasjonar, handelsavtaler og der statlege selskap investerer i andre land. Når Noreg er med og bidrar til fleire jobbar, som er positivt, må ein sikre seg at dette er formelle jobbar med anstendige arbeidsvilkår, og at det er lagt til rette for organisering.

Ei særskilt utfordring er omfanget av menneske som lever med tvangsarbeid eller slaveriliknande tilstandar. Norske selskap opererer over heile verda og må ta ansvar for å kartlegge risikoen skjer der dei er, og i eigne leverandørkjeder. Noreg har fått ei ny openheitslov som pålegg selskapa å gjere aktsamheitsvurderingar. Den bidreg positivt, men kan stadig bli meir omfattande. For eksempel bør produksjonsstad vere oppgitt, for at opplysningane kan bli ettergått og at fagrørsla lettare kan samarbeide på tvers av land.

Noreg stør allereie opp om ILO og internasjonalt fagleg samarbeid. I ein politisk strategi for redusert ulikheit vil dette vere sentrale tiltak å forsterke. Utover dette kan ein stø opp mot institusjonar som arbeidstilsyn i andre land.

Det bør også bli lagt til rette for sosial dialog og trepartssamarbeid med både fagrørsler og arbeidsgivarsida. Skal ein lukkast med å auke organiseringsgraden i fleire land, vil meir sosial dialog vere sentralt. Sosial dialog kan skje mellom partane i arbeidslivet, eller i trepartssamarbeid med partane og myndigheitene. Det må baserast på organisasjonsfridom, rett til forhandlingar og eit arbeid for å formalisere meir av arbeidslivet i låg- og mellominntektsland. Då kan ein jobbe saman for styrka arbeidsvilkår og fleire jobbar.

Oppsummering av tiltak:

Regjeringa bør:

  • Styrke det internasjonale faglege samarbeidet.
  • Auke støtta til ILO.
  • Forsterke arbeidet mot barnearbeid og tvangsarbeid, mellom anna ved å revidere og forbetre openheitslova.
  • Legge til rette for meir sosial dialog.

Demokrati og openheit for redusert ulikheit

Som gjennomgått i kapittel 4,4, er sivilsamfunnet sentralt for å sikre demokrati og omfordeling.

Vilkåra for sivilsamfunna rundt i verda er sterkt varierande. Norske bistandspengar kan brukast til å stø opp om organisasjonar som jobbar for meir demokrati og politisk gjennomslag for folkelege rørsler. Dette kan vere fagrørsle, kvinnerørsle, ungdomsorganisasjonar, arbeidsgivarforeiningar og stiftelsar. Samtidig er det viktig at utviklingspolitikk som stør opp om sivilsamfunn ikkje går ut over statens evne og høve til å gi velferdstenester.

I land som er positive til demokratisk reform, men der mangel på ressursar står i vegen, kan det vere aktuelt å styrke statlege institusjonar, som parlament, riksrevisjonar, uavhengige domstolar, tilsynsorgan og menneskerettskommisjonar. Bistandsmidlar kan gå til å styrke uavhengige medier, og til opplæring av journalistar gjennom internasjonale og lokale aktørar.

Noreg bør gjennomgåande stå opp for menneskerettar og demokrati. På statsbudsjettet bør meir av pengane gå til tiltak som bidrar til å styrke og forsvare menneskerettar. Det handlar om å styrke både sivilsamfunn, nasjonale myndigheiter og institusjonar i samarbeidsland, mellomstatlege organisasjonar og til fagrørsle i ulike land.145 Eit års pengestøtte til menneskerettar over det norske statsbudsjettet ga for eksempel meir enn 7000 forsvararar av menneskerettar i verda ulike formar for hjelp og støtte, som for eksempel tryggingstiltak, rettshjelp eller midlertidig flytting.146

FNs høykommisær for menneskerettar jobbar for å nå berekraftsmåla, men berekraftsmål 10 om redusert ulikheit er eit av måla som er særleg trukke fram som noko av det bevilgninga på denne posten skal gå til. Her er høykommisærens arbeid for å styrke sivilsamfunnet og menneskerettar sentralt.147 I praksis bidrar dette til dokumentasjon av menneskerettsbrot i enkeltland, styrking av sosiale og politiske rettar og støtte til ofre for tortur og slaveri.148

Oppsummering av tiltak:

Regjeringa bør:

  • Auke løyva til menneskerettar i statsbudsjettet, fordelt over sivilsamfunn, aktørar i FN-systemet, som FNs høykommisær for menneskerettar, fagrørsle, mellomstatlege organisasjonar og nasjonale myndigheiter og institusjonar i samarbeidsland.
  • Gjennomgåande stå opp for menneskerettar og demokrati når desse er til debatt i internasjonale organisasjonar og føre ein samstemt utviklingspolitikk.

Klima bør bli sett i eit ulikhetsperspektiv

Klimaendringane er ei enorm utfordring for menneskeheita, som går langt utover spørsmålet om ulikheit. Dette notatet er ikkje rett stad å gå inn på alt Noreg bør gjere i møte med klimaendringane. Men kunnskap om ulikheit, og korleis klimaendringane rammar ulikt, bør ligge til grunn for utforminga av politikken som møter klimaendringane.

Dei verste konsekvensane av global oppvarming kjem til å treffe dei med minst ressursar til å møte dei. Det gir Noreg eit særskilt ansvar for å bidra meir. Kostnadene ved global oppvarming bør bli fordelt meir rettferdig enn i dag.

Verda tapar på at dei fattige landa ikkje har tilstrekkeleg med pengar til klimatiltak. Når biologisk mangfald forsvinn og økosystem blir svekka ein stad på kloden, forsterkar det effekten av klimaendringane på resten av planeten også.

Det er ei rekke prosessar internasjonalt for å bidra til at verda når klimamåla, og for å få tilstrekkeleg med pengar til klimafinansiering. Noreg lova i 2011 at klimafinansieringa skal doblast til 14 milliardar kroner i året innan 2026, og nivået på midlar til klimatilpassing skal tredoblast.149

Ein debatt som går no om bistand er kor mykje av klimafinansieringa som skal skje over bistandsbudsjetta. I Parisavtalen er det avtalt at klimafinansiering skulle kome på toppen av anna bistand. Likevel er om lag 80 prosent av dagens globale klimafinansiering frå bistandsbudsjetta.150

I april 2023 la ei gruppe nedsett av Kirkens Nødhjelp, Redd Barna, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Caritas og Flyktninghjelpen fram ei rekke forslag til korleis Noreg kan bidra til klimafinansiering, både gjennom offentlege investeringar og ved å utløyse dei private investeringane som må til for å møte klimaendringane. Desse forslaga bør bli vurdert grundig.

Oppsummering av tiltak

Regjeringa bør:

  • Sørge for at Noreg når eigne klimamål og plikter frå Paris-avtalen og følgje opp eigne plikter i andre internasjonale miljøavtaler.
  • Bidra vesentleg til klimafinansiering i utviklingsland og ta ei leiarrolle internasjonalt for at meir pengar skal gå til klimafinansiering.
  • Sikre at dette ikkje går ut over dei andre ambisjonane i utviklingspolitikken.
  • Møte klimaendringane i eit ulikheitsperspektiv. All klimapolitikk bør bygge på ei forståing om at mange låg- og mellominntektsland vil rammast hardast av global oppvarming, og at rike land har eit ansvar for å bidra meir.

Forsterka velferd

For å bekjempe ulikheit over tid, er det viktig å få på plass universelle velferdsordningar, i regi av det offentlege, i låg- og mellominntektsland. Noreg og har ei rekke erfaringar med fordelings- og velferdspolitikk. Låg- og mellominntektsand med myndigheiter som ynskjer rettferdig fordeling kan ha interesse av å opprette dialog med Noreg om erfaringar frå dette arbeidet. Eit mogleg tiltak kan vere å etablere eit norsk nettverk for erfaringsdeling rundt velferd og fordeling.

Noreg har dei siste åra styrka satsinga på kontantoverføringar. Ein har gode erfaringar med dette som omfordelingspolitikk. Dette arbeidet bør vidareførast og utviklast, på ein måte som stør opp om målet om å bygge opp universelle velferdsordningar.

Noreg kan ikkje gå inn og bestemme kva slags politikk andre land skal føre, men det går an å styre bistand i større grad i retning av land som bruker skatteinntekter på breie velferdstiltak for befolkninga. Ein kan vurdere om land som fører ein politikk som aukar forskjellane mellom folk bør i mindre grad bør få bistand. Dette var også ei politisk line som blei føreslått av den raudgrøne regjeringa i 2013.151

Oppsummering av tiltak

Regjeringa bør:

  • Stø opp om offentleg velferdsutbygging i land me samarbeider direkte med.
  • Seie nei til at norske bistandspengar går til kommersielle aktørar innan helse og utdaning, og sikre at bistand Noreg gir til Norfund, regionale og multilaterale bankar heller ikkje går til denne typen bistand.
  • Vidareføre arbeidet med kontantoverføringar
  • Vri meir av bistandspengane over på kompetansebygging og politisk støtte til land som ynskjer å bygge ut omfattande universelle velferdsprogram.
  • Etablere eit norsk nettverk som kan dele erfaringar med fordelings- og velferdspolitikk med land som etterspør det.

Avslutning

I dette notatet er det presentert kvifor redusert ulikheit bør vere eit sentralt mål for norsk utviklingspolitikk. Det har blitt lagt fram ei rekke forslag til tiltak. Nokre kan gjennomførast med ein gong av Noreg åleine, andre vil vere avhengig av internasjonalt samarbeid. Andre treng meir utgreiing.

Den viktigaste bodskapen frå dette notatet er at den store globale ulikheita er ei av det store utfordringane i vår tid. Skal ein lukkast med å gjere ein forskjell i kampen mot ulikheit, må ein jobbe systematisk med det, og sjå mange verkemiddel i samanheng. Det er bakgrunnen for at ei av hovudtilrådingane frå dette notatet er å lage ei ny stortingsmelding om korleis Noreg kan bekjempe ulikheit i utviklingspolitikken.

Gjennom eit arbeid med ei slik melding kan regjeringa bygge opp oppdatert kunnskap rundt kva som vil vere dei viktigaste og mest treffsikre tiltaka mot ulikheit, basert på kunnskap frå forsking, byråkrati, sivilsamfunn og andre.

Samtidig er det viktig at dette ikkje blir ei kvilepute som forsinkar gjennomføringa av andre tiltak. Me veit allereie veldig mykje om ulikheit, og mange av tiltaka er det å berre å innføre allereie no.

Dette notatet har ei rekke forslag til tiltak. Blant desse er det verdt å peike på desse 9 som dei mest sentrale:

Regjeringa bør

  1. Legge fram ei stortingsmelding om redusert ulikheit i utviklingspolitikken.
  2. Vri meir av bistanden i retning av skattebistand.
  3. Vidareføre ei aktiv rolle internasjonalt for ein skattekonvensjon i FN og ta til orde for ein internasjonal selskapsskatt med eit høgt minstenivå.
  4. Jobbe internasjonalt og i FN spesielt for å få på plass eit regelbunde og effektivt rammeverk gjeldshandtering.
  5. Styrke det internasjonale faglege arbeidet og stå opp for fagorganisering og arbeidstakaranes rettar i andre land.
  6. Auke finansieringa av sivilsamfunn, menneskerettar og demokrati, og jobbe internasjonalt for å styrke demokrati og menneskerettar.
  7. Møte klimaendringane med å nå eigne klimamål, bidra vesentleg til klimafinansiering i andre land og sikre at dette ikkje går ut over dei andre ambisjonane i utviklingspolitikken. All klimapolitikk bør bygge på ei forståing av at klimaendringane rammar dei fattigaste landa hardast, og at dei rike landa må bidra meir.
  8. Føre ein samstemt utviklingspolitikk for redusert ulikheit der ulike delar av norsk utanriks- og næringspolitikk drar i same retning.
  9. Jamnleg evaluere eigen politikk opp mot korleis den bidrar til å redusere ulikheit

Referanser

Aftenposten (2016). «Korrupsjonsekspert om multinasjonale selskaper: - Skuffende at bedriftene er mer lukket enn før.» 12. juli 2016.

Banoun, Bettina (2022). «Disse skattegrepene bør en skattereform inneholde». E24. 19. desember 2022.

Berg, Andrew G. og Jonathan D. Ostry (2011). Inequality and Unsustainable Growth: Two Sides of the Same Coin? IMF staff discussion note April 8 2011

Bistandsaktuelt (2022a). Angolas president på norgesbesøk med mega-delegasjon: Vil ha norske investeringer. Ellen Hofsvang. 28. november 2022

Bistandsaktuelt (2022b). Ny Norad-rapport: Pandemien har sendt ekstrem fattigdom til værs. 24. januar 2022.

Bistandsnotat: Resultater av norsk bistand og konsekvenser av kutt og manglende ambisjoner. Oktober 2022 (2022). Et notat utarbeidet av Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Caritas, Flyktninghjelpen.

Bjørnebye, Marie, Simen Markussen og Knut Røed (2020). «Does tha Wealth Tax Kill Jobs?» IZA – Institute of Labor Economics. http://ftp.iza.org/dp13766.pdf (lesedato 24. februar 2023).

Bourguignon, Francois (2003). «The growth elasticity of Poverty Reduction: Explaining Heterogeneity across Countries and Time Periods». I T. Eicher og S. Turnovski (red.) Growth and inequality. MIT Press, s. 3-26.

Bull, Benedicte (2019). Combating Inequality: Is There a «Scandinavian Way» to Reduce Inequality in Latin America? Ibero Americana: Nordic Journal of Latin American and Caribbean Studies, 48(1), s. 53-66.

Cerra, Valerie, Ruy Lama og Norman Loayza (2021). Links between Growth, Inequality and Poverty: A Survey. IMF Working Papers

Chancel, Lucas, Thomas Piketty, Emmanuel Saez og Gabriel Zucman (2022a). World Inequality Report 2022. Executive summary. World Inequality Lab

Chancel, Lucas, Thomas Piketty, Emmanuel Saez og Gabriel Zucman (2022b). World Inequality Report 2022

Changemaker (2021). Hvorfor trenger vi en skattekommisjon?

COVID 19 Global Evaluation Coalition (2020). Lessons from evaluation. The Use of Cash Transfers in Humaniterian and Development Settings

Cramer, Christopher (2003). Does Inequality Cause Conflict? Journal of International Development. 15, 397-412 (2013).

Dabla-Norris, Kalpana Kochhar, Nujin Suphaphiphat, Frantisek Ricka og Evridiki Tsounta (2015). Causes and Consequences of Income Inequality: A Global Perspective. IMF Staff Discussion Note. Juni 2015

ECLAC (2022). Social Panorama of Latin America and the Caribbean. Transforming education as a basis for sustainable development.

Erlassjahr (2022). Global Sovereign Debt Monitor 2022.

Estevão, Marcello og Sebastian Essl (2022). «When the debt crisis hit, don`t simply blame the pandemic». World Bank Blogs

E24 (2021). «Norge kan tjene milliarder på internasjonalt skattegrep». 11. september 2021.

Financial Times (2023). «Poorest countries find finances under pressure from higher rates».

Forskning.no (2018). «Åpenhet er ingen garanti mot misbruk og korrupsjon». 31. juli 2018.

Gilens, Martin (2009). Preference Gaps and Inequality in Representation. PS April 2009.

Global Witness (2022). «A deadly decade for land and environmental activists – with a killing every two days». 29. september 2022

Greenpeace (2022). «Vold mot aktivister truer Brasils demokrati». 16. august 2022.

Kirkens Nødhjelp, UNICEF Norge og Menneskerettighetsfondet i forbindelse med statsbudsjettet 2023.

Hurdalsplattformen (2021). Regjeringsplattform for en regjering utgått fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet 2021-2025.

ILO (2020). The Transition from the Informal to the Formal Economy in Africa. November 2020

International Labour Organization (ILO) (2021). World Social Protection Report 2020-2022. ILO Flagship Report.

International Trade Union Confederation (2022). 2022 ITUC Global Rights Index.

Jaumotte, Florence og Carolina Osorio Buitron (2015). «Power from the People» i Finance & Development, mars 2015, vol. 52, nr. 1.

Kanbur, Ravi (2016). «Economic Growth and poverty reduction». World Social Science Report. Part II. The Consequences of Inequalities, chapter 3.

Jensen, Lars (2022). Avoiding «Too little too late» on International Debt Relief. UNDP Global Policy Network. Development Future Series Working Papers.

Lakner, Christoph, Daniel Gerszon Mahler, Mario Negre og Espen Beer Prydz (2022). How much does reducing inequality matter for global poverty? The journal of Economic Inequality (2022) 20: 559-585.

Lakner, Christoph, Mario Negre og Espen Beer Prydz (2014). Twinning the Goals. How Can Promoting Shared Prosperity Help to Reduce Global Poverty? Policy Research Working Paper 7106. World Bank Group.

Martin, Matthew og David Waddock (2022). A nordic initiative to resolve the new debt crisis. Norwegian Church Aid Assistance. September 2022.

Milanovic, Branko (2006). Global Income Inequality: What It Is And Why It Matters? DESA Working Paper No. 26. August 2006.

Norad (2018). «Svak samstemt politikk for utvikling». 9. mai 2018.

Norad (2020b). Sosiale sikkerhetsnett og kontantoverføringer – en kunnskaps- og erfaringsoppsummering. November 2020.

Norad (2022). “Tax for Development in a nutshell”. September 2022.

Norad (2023). Hvorfor er skatt viktig for utvikling i fattige land?

Oxfam (2022). G20 must tackle the «cost of profit» crisis causing chaos worldwide. 14. november 2022.

Oxfam (2023). Survival of the Richest: How we must tax the super-rich now to fight inequality. Oxfam Briefing Paper. January 2023.

Panorama Nyheter (2015). «Tall-lek om Afrikas utvikling». 19. mars 2015.

Payne, Keith (2018). Følelsen av forskjell. Slik påvirker ulikhet hvordan vi tenker, lever og dør. Res Publica. 1. opplag.

Pro Publica (2021). «The secret IRS Files: Trove of Never-Before Seen Records Reveal How the Wealthiest Avoid Income Tax»

Save the children (2022). «One in three of world`s poorest countries pay more on debt repayments than education – save the children». 12. oktober 2022.

SSB (2020). «Ulikheten – betydelig større enn statistikken viser». SSB Analyse 2020/13 Eierinntekter, skatt og inntektsulikhet i Norge. 24. september 2020.

Store Norske Leksikon (2022). «Uformell sektor». 9. november 2022.

Stortinget (2023). Skriftlig spørsmål fra Dag Inge Ulstein (KrF) til utviklingsministeren. Besvart 20. april 2023

Tankesmien Agenda (2016). Ulikhet. Utvikling, drivere, konsekvenser og løsninger. 10/2019.

Tankesmien Agenda (2019). Økonomisk ulikhet i verden: Hvordan kan norsk utviklingspolitikk gjøre en forskjell? 1/2019.

Tankesmien Agenda (2021). Ulikhetspandemien. Økonomisk og sosial ulikhet i verden under korona. 04/21. Samarbeid med Norsk Folkehjelp.

Taraku, Sylo (2021). «Er barnefattigdom årsaken til ungdomskriminalitet?» Agenda Magasin 30. juni 2021

Tax Justice Network (2021). Quality Tax Aid? A review of Nordic countries` support for domestic resource mobilisation through multilateral institutions.

Tax Justice Norge (2021). Corporate Tax Haven Index 2021. 9. mars 2021

Tax Justice Norge (2022). Land-for-land-rapportering i Norge. 8. november 2022.

Tax Justice Norge (2023a). Overskuddsflytting i multinasjonale selskaper.

Tax Justice Norge (2023b). Skjult – Skatteparadis, kapitalflukt og hemmelighold. 3. utgave.

Transparency International (2022b). 5 Ways to take back power in the fight against climate change. 2. juni 2022

Transparency International (2023). «Hva er korrupsjon».

Tørsløv, Thomas, Ludvig Wier og Gabriel Zucman (2022). The Missing Profits of Nations. Review of Economic Studies (2022), 1-36

UNDESA (2018). Countries urged to strengthen tax systems to promote inclusive economic growth. 14. februar 2018. United Nations Department of Economic and Social Affairs.

UNDP (2022a). «The cost of corruption». UN Development Programme 5. desember 2022.

UNDP (2022b). Uncertain times, unsettled lives. Shaping our future in a transforming world. Human development report 2021/2022.

United Nations (2022). The Sustainable Development Goals Report 2022.

United Nations Economic Commission for Africa (2023). 21. mars 2023.

United Nations General Assembly (2014). Report of the Special Rapporteur on extreme poverty and human rigths, Magdalena Sepúlveda Carmona. 22. mai 2014.

United Nations General Assembly (2021). At the heart of the struggle: human rights defenders working against corruption. Report of the Special Rapporteur on the situation of human rights defenders. 28 February- 1 April 2022.

Utanriksdepartementet (2013). Dele for å skape. St. Meld 25 (2012-2013). Utanriksdepartementet 5. april 2013

Utanriksdepartementet (2017). «Bekjempelse av korrupsjon i utviklingssamarbeidet). 10. januar 2017.

Utanriksdepartementet (2022b). Prop. 1 S (2022-2023). Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) for budsjettåret 2023.

Verdsbanken (2022a). Correcting Course. Power and shared prosperity 2022. World Bank group.

V20 (2021). V20 Statement on Debt Restructuring Option for Climate-Vulnerable Nations. 27. oktober 2021.

Wilkinson, Richard og Kate Pickett (2013). Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle. Res Publica, 2. opplag.

Wood, Julie (2021). «Fortsatt stor ubalanse i skattefordeling». Panorama nyheter. 9. november 2021.

World Inequality Report 2022 (2022). Executive summary.

The Washington Post (2022). Worried about the state of democracy? Here are some reasons to be optimistic instead. 2. mars 2022.

Fotnoter

1

UNDP 2022b.

2

Hurdalsplattforma 2021.

3

Wilkinson og Pickett 2013.

4

Utanriksdepartementet 2022.

5

Kanbur 2016.

6

Forskarar sett på kva som er mest effektivt av å auke veksten i eit land og å omfordele, dersom målet er redusert fattigdom. Dei såg på giniindeksen, som er ein måte å måle ulikheit på. Når koeffisienten er 1, er det full ulikheit i eit land. Når koeffisienten er 0, er det full likheit. Ein studie av Lakner, Mahler, Negre og Prydz (Lakner, Mahler, Negre og Prydz 2022) fann at ein redusert gini-koeffisient på eit prosentpoeng i eit land er meir effektivt for redusert fattigdom enn vekst i BNP på eit prosentpoeng. Verdsbanken har også gjort simuleringar som viser at det er større sjanse for å nå målet om redusert fattigdom dersom ein sikrar eit viss nivå på inntektsveksten for heile den nedste 40-prosenten (Lakner, Negre og Prydz 2014) .

7

Stiglitz 2012.

8

Tax Justice Norway 2023b, s. 7.

9

Gilens 2009.

10

Tankesmien Agenda 2016.

11

Tankesmien Agenda 2016.

12

Kristiansen 2020.

13

Berg og Ostry 2011.

14

Cramer 2003

15

Taraku 2021.

16

Tankesmien Agenda 2021, s.11-12.

17

Chancel m. fl 2022a

18

Chancel m. fl 2022a s. 7.

19

Credit Suisse 2022, s. 5, s. 21

20

Chancel m.fl. 2022b s. 56

21

Milanovic 2006, s. 1

22

SSB 2020

23

Panorama Nyheter 2015

24

Tabell 2 er basert på data frå Chancel m.fl. 2022b, s. 3.

25

Chancel m.fl. 2022b, s. 3

26

Chancel m.fl. 2022b, s. 26

27

Oxfam 2023 s. 7.

28

Chancel m.fl. 2022a s. 8.

29

Chancel m.fl. 2022a s. 12.

30

Tabell 3 basert på data frå United Nations 2022, s.47

31

United Nations 2022, s.47

32

Chancel m.fl. 2022 s. 11

33

Chancel m.fl. 2022, s. 11.

34

Martin og Waddock 2022, s. 14

35

Utenriksdepartementet 2022b, s. 73.

36

Lakner, Mahler, Negre og Prydz 2022.

37

Verdsbanken 2022a, s. v.

38

Dette tilsvarer om lag 17 kroner dagen.

39

Bistandsaktuelt 2022b

40

UN 2022, s. 26

41

Utanriksdepartementet 2022, s. 179

42

Bistandsaktuelt 2022b

43

Utanriksdepartementet 2022b, s. 73.

44

Utanriksdepartementet 2022b, s. 86

45

FN 2022, s. 26.

46

Tankesmien Agenda 2019.

47

UN General Assembly 2014.

48

Oxfam 2023, s. 2.

49

ørsløv, Wier og Zucman 2022, s.1

50

Pro Publica 2021

51

Oxfam 2023, s. 7

52

Oxfam 2023, s. 11.

53

UNDESA 2018.

54

Utanriksdepartementet 2013 s. 70.

55

Norad 2023.

56

UNECA 2023.

57

Det er fleire definisjonar på skatteparadis, men denne frå OECD er mykje brukt. Den seier at skatteparadis har:

a) Ingen, eller berre låge, effektive skattar

b) Inngjerding av skatteregime

c) Ingen effektiv informasjonsutveksling til styresmaktene i andre land

d) Manglande openheit rundt eigarskap, rekneskap og annan sentral selskapsinformasjon

e) Ingen krav om at selskapet driv reell verksemd der (Tax Justice Norge 2023b, s. 16).

58

Tax Justice Norge 2023a

59

Tørsløv, Wier og Zucman 2022, s.2.

60

Tørsløv, Wier og Zucman 2022, s.25.

61

Tax Justice Norge 2023b, s. 19

62

Tax Justice Norge 2023b, s. 20.

63

Tax Justice Norge 2023b, s. 20.

64

Transparency International 2023.

65

Utanriksdepartementet 2017

66

Aftenposten 2016

67

Martin og Waddock 2022.

68

Martin og Waddock 2022.

69

Martin og Waddock 2022, s. 16

70

Estevão og Essl 2022.

71

Estevão og Essl 2022.

72

Financial Times 2023

73

Jensen 2022.

74

Erlassjahr 2022.

75

Erlassjahr 2022.

76

Oxfam 2022

77

Save the children 2022.

78

V20 2021.

79

V20 2021.

80

Store Norske Leksikon 2022

81

ILO 2020, s. 11.

82

UN 2022, s. 42.

83

UN 2022, s. 43

84

Utanriksdepartementet 2013, s. 42.

85

Jaumotte og Osorio Buitron 2015 s. 30.

86

Dabla-Norris, Kochar, Suphaphiphat, Ricka og Tsounta, 2015 s. 21.

87

International Trade Union Conferderation 2022.

88

International Trade Union Conferderation 2022, s. 6.

89

Utanriksdepartementet 2013, s. 48-49.

90

UN 2022, s. 43.

91

Bull 2019.

92

Civicus 2023.

93

Civicus 2023.

94

Civicus 2023.

95

Sivilsamfunn kan bli definert ikkje-statlege og ikkje-kommersielle aktørar, som friviljuge organisasjonar, fagrørsle, religiøse samfunn og liknande. Av og til blir akademia og media inkludert, når desse er ikkje-statlege og ikkje-kommersielle (Utanriksdepartementet 2013, s. 34)

96

Greenpeace 2022, Global Witness 2022.

97

United Nations General Assembly 2021, s. 9.

98

United Nations General Assembly 2021 s. 4.

99

Tankesmien Agenda 2019 s. 6.

100

The Washington Post 2022.

101

Oxfam 2023, s. 9.

102

Chancel, Bothe og Voituriez 2023, s. 5.

103

Chancel, Bothe og Voituriez 2023, s. 5.

104

Chancel, Bothe og Voituriez 2023, s. 86.

105

Martin og Waddock 2022, s. 14.

106

United Nations 2022.

107

ILO 2021, s. 18.

108

Tankesmien Agenda 2019, s.39.

109

Tankesmien Agenda 2019, s. 23.

110

Chancel m.fl. 2022b.

111

Tankesmien Agenda 2019, s.40-41.

112

Kontantoverføringar kan bli definert som alle former for pengeoverføringar eller matkupongar til enkeltpersonar. Desse kan gis med eller utan krav til mottakaren, som for eksempel krav om skulegang eller liknande. Dei kan vere universelle eller målretta mot enkeltgrupper (COVID 19 Evaluation Coalition 2020 s. 2).

113

Norad 2020b.

114

COVID 19 Evaluation Coalition 2020.

115

Hurdalsplattforma 2021.

116

Utenriksdepartementet 2013.

117

Utanriksdepartementet 2013, s. 29.

118

Bistandsaktuelt 2022a.

119

Tax Justice Network 2021 s. 93.

120

Norad 2022a.

121

Utanriksdepartementet 2022b, s. 146.

122

Norad 2020a.

123

Norad 2022a.

124

Tall 2022.

125

Norad 2022

126

Stortinget 2023.

127

Stortinget 2023.

128

Wood 2021.

129

Wood 2021.

130

Wood 2021.

131

Wood 2021.

132

Changemaker 2021.

133

Tax Justice Norway 2023c.

134

Stortinget 2023.

135

Stortinget 2023.

136

Banoun 2022.

137

The Independent Commission for the Reform of International Corporate Taxation (ICRICT).

138

ICRIT 2019.

139

Finansdepartementet 2022.

140

Oxfam 2023, s. 12.

141

Chancel m.fl. 2022a, s. 20.

142

Tax Justice Norge 2022.

143

FNs Høynivåpanel for finansiell ansvarlegheit, openheit og integritet.

144

Martin og Waddock 2022.

145

Utanriksdepartementet 2022b, s. 104

146

Utanriksdepartementet 2022b, s. 104

147

Utenriksdepartementet 2022b, s. 105.

148

Utanriksdepartementet 2022b, s. 106.

149

Utanriksdepartementet 2022b, s. 159.

150

Bistandsnotat 2022, s. 6.

151

Utanriksdepartementet 2013.

Publisert:

Bli Agendapartner

Vi trenger deg for å løfte debatten

Tankesmien Agendas oppgave er å styrke det offentlige ordskiftet gjennom kunnskapsformidling, utredninger, meningsutveksling og forslag til nye politiske løsninger. Vi trenger din hjelp for å fortsette jobben. Vi appellerer til deg som synes en fri, faktabasert og freidig samfunnsdebatt er et gode!

Mange mennesker som sitter i et rom og lytter til et foredrag.

Abonner på vårt nyhetsbrev

Unngå å gå glipp av noe! Få de siste oppdateringene fra oss rett i innboksen din.